Fylkesskogsamling Rauma 15. - 16. februar 2017

I god tradisjon vart det arrangert skogsamling for funksjonærar og næringsaktørar på Grand Hotell på Åndalsnes 15.-16. februar. God påmelding lova godt for den tradisjonelle samlinga.

Responsen på det faglege innhaldet var god, med innleiarar innan fagfelta:

  • «foryngingsplikt og omdisponering» v/ Anna K. Ulfarsdottir (Landbruksdirektoratet),
  • «Nye skattereglar» og
  • «Nytt om teknikk, utstyr og rapportering på hogstmaskinsida» v/Mikael Fønhus (Skogkurs),
  • «Siste nytt om Gransnutebilla» og kva nytt for å rå med denne v/Kjersti Holt Hanssen (NIBIO) og til slutt
  • «Auka bruk av gardsvarme» v/ Ingvar Kvande  (NORSØK).

Program var aktuelt for fylket, med gode spørsmål og diskusjonar undervegs og mogleg oppdatering for nokon og einkvar.

Første dagen vart avslutta med årsmøte i Møre og Romsdal Forstmannslag med leiarskifte. Anne Kathrine Løberg ga seg etter 4 år, og Asle Konnerth gyv no laus på oppgåva, i fyrste omgang for 2 år.

Skogbrukssjef Horvli hadde laga eit godt opplegg for den tradisjonelle «Svartkjeltimen» på Nebba, ein opparbeidd plass med gapahuk ved starten av stien mot Nesaksla og Romsdalseggen. Bra ver, svart kaffe og god stemning rundt bålet ga ei god ramme for hyggeleg, seriøs og mindre seriøs passiar.

Fylkesmannen takkar for ei god samling, og håpar på like bra frammøte og inteessant samling neste år.