Prisar til Tingvollost i oste-VM 2019

Gunnar Waagen, då han i 2018 fekk tildelt Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris 2018 under World Cheese Awards i Bergen.
Gunnar Waagen, då han i 2018 fekk tildelt Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris 2018 under World Cheese Awards i Bergen. (Foto: Arnold Hoddevik)

Under World Cheese Awards 2019 vart det igjen prisar til ostar frå vårt fylke. Mange ostar frå heile Norge fekk premiar, og tre av dei gjekk til Tingvoll.

Jamn kvalitet i toppskiktet

Tingvollost fekk 3 premiar i Bergamo, Italia, der verdsmeisterskapen var arrangert denne gongen. Ostane Vismann og Mild Mester fekk bronse, og Kraftkar fekk sølv. Dette viser at Tingvollost held den svært gode kvaliteten, som har gitt dei fleire prisar opp gjennom åra. Dei prioriterer topp kvalitet framfor volum. Kraftkar vart kKåra til World Champion 2016 (verdens beste ost) og Champion of Champions (beste ost gjennom tidene), World Cheese Awards 2016. Denne og dei andre ostane frå Tingvollost har også henta ei rekkje andre prisar, både heime og ute.

Gunnar Waagen sa i eit intervju etter VM 2019, at dei gode resultata kjem mellom anna av eit særs godt ostemiljø i fylket vårt. Her er mange dyktige osteprodusentar, som gir inspirasjon, og gjer ostemiljøet rikare.  

Andre resultat

Verdensmester i 2019 ble Organic Blue Cheese, Rogue River Blue fra Rogue Creamery, USA.

Ostegarden ved Bergen, som vart verdensmester i 2018, fekk også ein bronsemedalje i Bergamo. Ostegarden er ein liten produsent like ved Bergen.

Eit søk i medaljelista viser at Norway finst på 24 stader i lista, så mange frå forskjellige plassar fekk prisar for sine ostar. TINE SA fekk Super Gold for Jarlsberg Vellagret 5 år, Gold for Ekte geitost, fire sølvmedaljar og ein bronse.

Gangstad gårdsysteri fekk Super Gold for Nidelven Blå, 1 Gold og 2 bronse.

Prestholt fekk 3 sølvmedaljar og 1 bronse.

Sjå fleire detaljar i resultatlista, som du kan laste ned som vedlegg til denne artikkelen.

World Chees Awards

Arrangementet i Bergamo er det 32. meisterskapet i historia. Det kjem etter det fantastiske arrangementet i Bergen i 2018, der deltakinga sette ny rekord med 3472 ostar frå 41 ulike nasjonar på bordet. Arrangementet i Bergamo sette endå ein rekord, med 3804 deltakande ostar Les meir om alle resultata på nettsida til World Cheese Awards.

Fakta om Tingvollost, saksa frå tingvollost.no

Om Tingvollost

Familiedrevet gårdsmeieri som lager kvit- og blåmuggoster basert på pasteurisert kumelk fra egen gård

Tingvollost ble etablert i 2003 på Saghaug gard i Tingvoll kommune på Nordmøre. Gården har en lang håndverkshistorie tilbake til 1303 og i dag bor vi fire generasjoner sammen på bruket.

Ystingen foregår i et eget gårdsmeieri som ble bygd i 2006. Vegg i vegg med ysteriet ligger fjøset bygd i 2009. Herfra kommer fersk melk rett inn i de to ystekarene på 700 liters kapasitet tre til fire dager i uka. 

Det brukes kun pasteurisert kumelk fra egen gård til ystingen. I år 2017 bruker vi ca 220 000 liter melk til egen osteproduksjon. Det går med 10 liter melk for å lage 1 kg ost. Årsproduksjonen ligger dermed på omkring 22 000 kg ost. I tillegg leverer gården ca 340.000 liter melk til TINE sin Jarlsbergproduksjon i nabokommunen.

Tingvollost sine oster har vunnet en rekke priser, både nasjonalt og internasjonalt. Blåmuggosten Kraftkar vant i 2016 prisene World Champion (verdens beste ost) under World Cheese Awards i San Sebastian, Spania - samt Champion of Champions (verdens beste ost gjennom konkurransens 29 årige historie).

Alle de fire ostene til Tingvollost har vunnet medalje under World Cheese Awards.