Norsk ost markerte seg i oste-VM

Gullvinnar under World Cheese Awards 2018 i Bergen 2. november, Jørn frå Ostegarden i Fana.
Gullvinnar under World Cheese Awards 2018 i Bergen 2. november, Jørn frå Ostegarden i Fana. (Foto: Arnold Hoddevik)

På Breivik gård i Fana, utanfor Bergen ligg Ostegården. Der produserer dei ostar og andre handlaga produkt av eiga mjølk og andre lokale råvarer.

Over 3500 ostar

World Cheese Awards - oste-VM - vart i år arrangert i Bergen, med finale fredag 2. november. Meir enn 3500 ostar frå mange land deltok i konkurransen. I løpet av fredagen vart alle ostane kritisk gjennmgått og smakte på av 230 ekspertar frå 29 nasjonar, til dei var 66 att. Så vart dei 66 reduserte til 16, som vart med i superfinalen.

Superfinalen

Salen i Grieghallen var fylt til siste plass, og på scena hadde alle dei 16 dommarane frå heile verda benka seg, for å kåre den endelege viannaren. Kvar enkelt ost fekk presentasjon, ny smakerunde, og så avga kvar enkelt av dommarane sine poeng til kvar ost. Midtveis i avstemminga hadde ein svensk ost fått 65 poeng. Topp score kunne teoretisk sett bli 80, så ingenting var avgjort. Før siste osten, ein brun geitost vart presentert, hadde beste poengsum stige til 71. Når avstemminga var ferdig, var det klart. Osten Aged gouda frå Ostegården vann konkurransen med 71 poeng. Jørn frå Ostegården vart omgåande omkransa av ei maurtue med ivrige fotografar og journalistar.

På bildet er Jørn frå Ostegården i midten, med medalje høgt heva. 

Vinnaren, Jørn frå Ostegården, Fana, Norge

Vinnaren, Jørn frå Ostegården, Fana, Norge (Foto: Arnold Hoddevik)

Resultatlista

Biletet viser dei fem første plassane, der tre av dei fem er frå Norge og Sverige. Det var mange stolte og glade personar å sjå i salen etter dei gode plasseringane. Spesielt kjekt var det at gullet gjekk til ein lokal ost, like utanfor Bergen. 

Resultatliste frå World Cheese Awards 2018 i Bergen

Resultatliste frå World Cheese Awards 2018 i Bergen (Foto: Arnold Hoddevik)

Ostegården

På Ostegården produserer dei fleire ostar av eiga mjølk. Ostane er Jørn Brie, Jørn CAmmembert, Fanaost, Jørnsberg, Eldgammal Fanaost og Salatost. Jørns Brie og Fanaost har merket Spesialitet.

Møre og Romsdal i World Ceese Awards 2018

Fem osteprodusentar frå Møre og Romsdal deltok med fleire ostar kvar. 

  • Brubekken
  • Tingvollost
  • Tine
  • Fonte Verdi
  • Derringarden

Diverre nådde desse ikkje heilt opp denne gongen, men som ein av dommarane uttalte: Alle ostane er supre.

Dommarane

Bildet viser alle dommarane, programleiarane og gullvinnaren, Jørn frå Ostegården i Fana.

Bildet viser alle dommarane, programleiarane og gullvinnaren, Jørn frå Ostegården i Fana. (Foto: Arnold Hoddevik)