Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse

Smaksverksted med førebuing til Grüne Woche i januar 2020.
Smaksverksted med førebuing til Grüne Woche i januar 2020. (Foto: Eli Munkeby Serigstad)

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.

Mangfald av råvarer

Produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost, urter og sjokolade er hovudingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert også med. Under messa vil eigne kokkar, saman med deltakarane, laga smaksprøvar som viser mangfaldet det vestnorske kjøkkenet kan tilby.  Smakane skal synleggjera Noreg som reiselivsdestinasjon og løfta maten si rolle i reiselivsprodukta.

Smaksverkstad med nye smaksopplevingar

Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen. Foto: Ragna Flotve

Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen. Foto: Ragna Flotve

12 september møttest produsentar, kokkar og arrangørar til smaksverkstad. Her laga dyktige kokkar, saman med deltakarane, nye og velsmakande rettar, samansett av eit mangfald råvarer frå regionen, og deltakarbedriftene presenterte mat- og reiselivsprodukt av høg kvalitet. Samarbeid på tvers av produkt og bransje vart diskutert og nye kontaktar vart etablerte. Kan ost, sider og sjokolade kombinerast? Ja, kvifor ikkje?

Samarbeid betrar resultatet

Mange lokalprodusentar og reiselivsverksemder betrar resultatet sitt gjennom samarbeid med kvarandre og nettverksbygging er eit viktig mål for deltakinga i Grüne Woche. Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Bedriftssamarbeid er ein suksessfaktor her.

Kombinasjonen av god mat og gode natur- og kulturopplevingar styrkar  reiselivet i regionen i dag. Dette vil me utvikla vidare.

Nye, unike smaksopplevingar blir til. Foto: Ragna Flotve

Nye, unike smaksopplevingar blir til. Foto: Ragna Flotve

Desse er med frå Vestlandet/Fjord-Norge:

Møre og Romsdal:

  • Skarbø Gard
  • Nilsgardstunet
  • Stolt mat
  • Brasserie Posten og Geiranger bryggeri
  • Sider AS

Vestland – Sogn og Fjordane :

  • Walaker Hotel
  • Vikja AS
  • Amble gård
  • Kandal Kjøt DA
  • Sogn Aqua/Glitne

Vestland - Hordaland

  • Fjåk
  • Hardangergutane
  • Cornelius Sjømatrestaurant
  • Ostegården
  • Spildegarden

Rogaland:

  • Nyyyt
  • Lie gård
  • Jan Haslemo
  • Energihotellet
  • Vitengarden

Fakta

  • Internasjonale Grüne Woche 2020 (IGW) vert arrangert i Berlin mellom 17. – 26. januar. Dette er 85. gong messa vert arrangert. IGW er ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk.
  • På nasjonale stands vert matkulturar frå nærare 60 land presentert. Totalt deltek over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Det er venta rundt 450 000 besøkjande.
  • Innovasjon Norge, i samarbeid med den norske ambassaden i Berlin, er ansvarleg for den norske deltakinga under IGW, på oppdrag fra Landbruks -og matdepartementet. Fylkesmannsembeta har ansvaret for den praktiske gjennomføringa.
  • Den norske deltakinga på Grüne Woche skal byggja Noreg som mat- og reiselivsnasjon. Målet er å styrka regional matkultur gjennom nettverksbygging, innovasjon og produktutvikling.