Lokalmatforkjempar ny Bondelagskokk

Nils-Henning Nesje (40) har blitt den nye Bondelagskokken – ei stor ære seier han. Han har arbeidd for å framelske og fremje ureist, lokal mat lenge før det vart eit omgrep.

Sunnmøringen Nils-Henning Nesje seier, at å vere Norges Bondelagskokk blir som å vere eit ansikt utad i Norge for lokal mat. Han mottok utmerkinga under opninga av Grüne Woche i Berlin fredag 20. januar. Det var mange engasjerte og kokkar med stort hjerte for norsk mat og matkultur blant kandidatane. Nils-Henning er kjempeglad, og seier dette er stor stas, også spesielt med tanke på satsinga rundt mat og reiseliv og Matregion Møre.

Gjennom lokalmatsafari på Vestlandet og fleire andre tiltak har Nesje gjennom mange år arbeidd for å kombinere lokal mat og reiseliv. Det er veksande interesse for turisme blant bønder, og å kombinere lokale matopplevingar med gardsbesøk og lokale tradisjonar er ein veksande trend i Noreg. Nesje har hatt fokus på råvarer av høg kvalitet og godt samarbeid med fleire bønder – ein god ambassadør.

Nesje meiner god mat er kunst. Den viktigaste ingrediensen er gode råvarer, som må behandlast med respekt og kjærleik. Han elskar å lage mat, og lagar den alltid frå grunnen av. Mange av oppskriftene Nesje brukar, stammar frå familien si oppskriftsbok gjennom 4 generasjonar. Heil sidan han var liten, har han vore oppteken av mat, og hugsar den dag i dag kor stolt han var over å få røre i grytene til mor si.

«Nesje blir Bondelagskokk i 2017 og 18, og er utnemnd i regi av Norges Bondelag. Bondelagskokken skal vere med å skape betre kontakt frå bonde via kokk til forbrukar. Saman med utnemninga føl eit stipend på 100 000 kroner. Stipendet skal nyttast til å synliggjere dei unike råvarene norske bønder produserer, samtidig som det skal bidra med å forsterke og vidareutvikle norsk matkultur og mathistorie.» (www.bondelaget.bo)

Les meir om Bondelagskokken i lenkjer.

Bondelagskokken 2017-2018, Nils-Henning Nesje og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Bondelagskokken 2017-2018, Nils-Henning Nesje og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Frå opninga av Internasjonale Grüne Woche 2017. Nils-Henning Nesje i midten

Frå opninga av Internasjonale Grüne Woche 2017. Nils-Henning Nesje i midten