Landbruksnæringa kan verte ein viktig integreringsarena

Frank Madsøy, Fiffi Ndirira Namugunga (IMDi), Aud Lindset Drågen og Sverre Veiset
Frank Madsøy, Fiffi Ndirira Namugunga (IMDi), Aud Lindset Drågen og Sverre Veiset (Foto: Odd Løset, Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

I løpet av 2016 blir det busett nærare 900 personar i kommunane i Møre og Romsdal med bakgrunn som flyktning. Alle kommunane har svart ja på anmodinga om å busette  flyktningar og asylsøkjarar. Fylkesmannen inviterte torsdag 8 .desember 2016 til fagdag med tema "Landbruksnæringa som integreringsarena".

Målgruppa på fagdagen var mellom anna tilsette i landbruket, kommunane ved flyktninge- og landbrukstenesta, NAV-tilsette, politikarar og administrativ leiing. Femti personar deltok på samlinga.

Rask busetting, arbeid og kvalifisering, deltaking i fellesskapet og kvardagsintegrering er svært viktig. Arbeids- og språktrening gjennom praktisk gardsarbeid finns det mange gode eksempel på i Møre og Romsdal. På fagdagen var ulike tilbod og erfaringar presenterte, mellom anna Inn på tunet-tilboda i Midsund og Surnadal som vektlegg meistring, trivsel og utvikling. Ordføraren i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, orienterte om korleis kommunen aktivt - og med hell - har brukt landbruksnæringa som integreringsarena.