Inn på tunet

«Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.»

Inn på tunet gjev menneska sin trong for aktivitet, læring og tilhøyre innhald gjennom å kombinere ressursane på garden og bonden sin fagkunnskap. «Inn på tunet» er registrert ordmerke!

Inn på tunet er kvalitetssikra tenester gjennom eige kvalitetssikringssystem, sjå www.matmerk.no. Spør inn på tunet-bonden etter godkjenning. Inn på tunet-bonden er vertskap og fagperson på landbruksfaget. Kjøpar kan vere kommunen, fylket, staten, private eller andre.

Inn på tunet gjev eit mangfald av tilbod for barn og vaksne. Det kan være tilbod om undervisning, barnehage, avlastning, arbeidstrening, osv.

Inn på tunet er ein del av bonden sitt arbeid på garden. Tilboda er knytt til opplærings-, helse- eller sosialsektor gjennom faste avtaler og fagleg rettleiing.

Du finn meir om Inn på tunet på nettadressene https://innpatunet.no/,  http://www.matmerk.no/matmerk,  www.regjeringen.no, www.innovasjonnorge.no og www.bondelaget.no.

Fylkesmannen si hovudoppgåve er å legge til rette og rettleie kommunane og næringa.

I Møre og Romsdal har Inn på tunet-næringa eit eige tilbydarnettverk; Inn på tunet Møre og Romsdal. Denne organisasjonen arrangerer eit ope dagsmøte og ein open årsmøtekonferanse kvart år. Organisasjonen har eiga Facebookgruppe for alle medlemmer.

Dersom du ønskjer å bli godkjent Inn på tunet bonde, søkjer du Matmerk som har elektronisk søknadsskjema. På www.matmerk.no finn du oversikt over kva som blir kravd for å få godkjenning. Landbruksforvaltninga i kommunen eller hoppid-kontoret kan hjelpe den som ønskjer å kome i gang som inn på tunet bonde med rettleiing for korleis ein skal kome i gang.

Norges Bondelag, Norges bonde- og småbrukarlag har eigne Inn på tunet utval som har spesielt fokus på denne næringa.

Du kan søkje Innovasjon Norge om finansiering av investeringar, for å etablere deg som Inn på tunet-bonde.

Kurs i praktisk HMS i landbruket og «Kvalitet og tryggleik» i Inn på tunet blir arrangert av Norsk Landbruksrådgiving HMS-tjenester.


02.12.2019

Gratis nettkurs om vertskapsrolle

Inn på tunet Buskerud og Vestfold inviterer til gratis nettkurs i vertskapsrolle for Inn på Tunet. Kurset går torsdag 5. desember kl 19:30 - 21:00.

26.11.2019

Filmar om Inn på tunet-tilbod

Inn på Tunet i Møre og Romsdal har laga ei rekkje kortfilmar om ulike tilbod av tenester, som Inn på Tunet kan tilby. Filmane gir ei særleg god beskriving av kva tilboda kan innehalde.

17.10.2019

Nettverkssamling Inn på tunet

Inn på tunet i Møre og Romsdal inviterer til nettverkssamling i Ålesund mandag 25. november. Etablerte og nye tilbydarar, kjøparar og samarbeidspartnarar er velkomne til eit interessant program.

12.12.2016

Landbruksnæringa kan verte ein viktig integreringsarena

I løpet av 2016 blir det busett nærare 900 personar i kommunane i Møre og Romsdal med bakgrunn som flyktning. Alle kommunane har svart ja på anmodinga om å busette  flyktningar og asylsøkjarar. Fylkesmannen inviterte torsdag 8 .desember 2016 til fagdag med tema "Landbruksnæringa som integreringsarena".

28.09.2016

Ta kurs, og bli godkjend "Inn på tunet-bonde"?

I Stranda skal det arrangerast kurs for "Inn på tunet"-bønder. Lurer du på korleis du skal kome i gong med prosessen? Er du allereie i gang, men har gått deg fast?  Då er dette kurset det rette for deg!

22.05.2015

Med meistring som ballast

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Velkommen til stor konferanse i Stavanger 2.-3. november 2015.