Samordna grovfôrrådgiving kan gi auka avlingar og betre fôrkvalitet

Auka grovfôravlingar og betre tilpassa grovfôrkvalitet.  Dette har vore to av dei viktigaste måla i prosjektet «Best på fôr». To grupper bønder har i fleire år jobba systematisk med å betre grovfôrdyrkinga si. I prosjektet har fleire organisasjonar arbeidd saman, for å gje bøndene samordna rådgiving om dyrking av grovfôr.

Landbruk Nordvest drifta prosjektet, og hadde med seg rådgivarar frå Tine i eit rådgivingsteam.

Resultatmåla for prosjektet var:

  • Gjennomføre eit treårig skreddarsydd rådgivingsopplegg innan grovfôrproduksjon for 30 bønder i Møre og Romsdal (fordelt på to delprosjekt)
  • Ta i bruk ny kunnskap på området, og sørge for «fyrtårneffekt»
  • Skape gode faglege nettverk for bønder og rådgivarar – og tettare og betre samarbeid mellom organisasjonane

For å oppnå auka avling, var det mange av deltakarane som hadde som mål å fornye enga oftare, i tillegg til å betre kapasiteten på utstyr for fornying. Ikkje alle oppfylte dette målet, dette gjaldt særleg leigejorda. Seks av 11 bønder i «prosjekt 2» hadde avlingsauke frå 2014 til 2016.

Fleire bønder har endra strategi for fôrdyrkinga si, slik at dei produserer fôr av ulik kvalitet på ulike skifte. Dermed kan ein til dømes produsere «sinkufôr» på skifta lengst unna, der det skal vere meir fiber og mindre energi.

Deltakarane har fått eit mykje meir bevisst forhold til kva som påverkar grovfôrkvaliteten, og korleis ein får optimal kvalitet på grovfôret etter eigne behov. Deltakarane syntest det var verdifullt at eit rådgivarteam såg på utfordringane i fôrdyrkinga.

Eitt av tiltaka som deltakarane var mest nøgde med, var markvandringane. Slike markvandringar – opne for alle – vert vidareførte som eit tilbod frå Landbruk Nordvest våren 2017. Foto: Gunn Randi Fossland, Landbruk Nordvest