Alkoholnettverk i Rogaland

Helsedirektoratet har bedt Fylkesmannen om å initiera eit utviklingsarbeid for å styrke kommunanes kompetanse på alkohollova og ansvarleg alkoholhandtering.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2015

I Rogaland er det etablert eit nettverk for styrking av arbeidet med alkohollova og ansvarleg alkoholhandtering. Nettverket består av deltakarar og representantar frå kommunar, politi, næring og KoRUS. Målet med nettverket er ein styrking og lokal forankring av arbeidet med ansvarleg alkoholhandtering gjennom:

  • Å heve kunnskapen om alkohollova i alle ledd som er involvert i arbeidet med ansvarleg alkoholhandtering.
  • Stimulere til trepartssamarbeid mellom kommune, politi og næring.

Nettverket bidra til erfaringsdeling og læring. Det har blitt gjennomført konferansar som har vore viktige arenaer og møteplassar for både tilsette i kommunar, politikarar, næring, politi og andre interesserte. Det vil og bli arrangert ein konferanse i 2015

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.