Naturmangfald

(Foto: Asbjørn Børset)

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


27.04.2016

Opplæring i Natur i Norge (NiN)

Vil du vite meir om kartleggingssytemet Natur i Norge (NiN)? Sjekk teorikurs på nettet.

03.02.2015

Tilskot forvaltingstiltak kulturlandskapsområde

Det kan søkjast om tilskot til forvaltingstiltak i nasjonalt verdifulle kulturlandskap unntatt dei som har fått status som utvalde kulturlandskap.

02.12.2014

Tilskot til verdiskaping basert på naturarven

Tilskotsordninga skal medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein del av ei brei verdiskaping som har langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling. Søknader til ordningane må fremjast elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssystem. Søknadsfristen er  15. januar 2016.

20.08.2014

Naturkartlegging

Det er eit nasjonalt og internasjonalt mål at det biologiske mangfaldet skal ivaretakast. Dette krev konkret kunnskap om naturmangfaldet.

19.06.2014

Miljøvedtaksregisteret

Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet har opprettet Miljøvedtaksregisteret som er et offentlig register hvor du kan finne enkeltvedtak etter naturmangfoldloven.

16.05.2014

Ta vare på fuglane i kulturlandskapet

Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet, er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe. Inngå avtale med Fylkesmannen om å utsette slåtten der fuglane hekkar. Då gjer du ein innsats for å ta vare på desse fugleartane. Søk om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram til dette tiltaket.

08.07.2013

Tiltak mot framande planter

Fylkesmannen har løyvt kr. 300.000,- i skjønnsmidlar til arbeidet mot skadelege, framande planter i Kristiansund, Molde, Rauma, Sykkylven og Ålesund. Kommunane bidreg med samme beløp. Dei framande artane konkurrerer ut stadeigne artar, og naturen gror til med uønska vegetasjon. Midlane går til kartlegging, førebygging av spreiing, samt fjerning av nokre av dei mest skadelege artane, og ein skal utvikle lokale løysningar for tiltak mot desse artane.

06.03.2013

Nettlenker for utfyllande informasjon om natur

Fylkesmannen har gitt ut informasjonsbrosjyren Naturarven i Møre og Romsdal som er sendt til offentlege etatar, organisasjonar, reiselivsnæringa, planleggingsfirma, media, skolar og andre.

30.11.2012

Tilskot til truga naturtypar

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova kap. V, og truga naturtypar, jf definisjonen av truga naturtypar i Norsk rødliste for naturtyper. Søknader til ordninga skal fremjast elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar 2016.

30.11.2012

Tilskot til viltformål

Tilskotsordninga skal medverke til eit haustingsverdig overskot av viltet.  Søknaden skal fremjast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar 2016.