Trua naturtypar

Slåtteenger er ein sterkt trua (EN) naturtype i Noreg som følgje av reduksjon både i areal og tilstand. Frå Mjelve i Molde kommune.
Slåtteenger er ein sterkt trua (EN) naturtype i Noreg som følgje av reduksjon både i areal og tilstand. Frå Mjelve i Molde kommune.

Dei siste femti åra har fleire naturtypar gått sterkt tilbake i Norge. I Norsk raudliste for naturtypar utgitt av Artsdatabanken er 40 naturtypar kategorisert som trua. 31 naturtypar er kategorisert som nær trua.

Mange naturtypar og artar er avhengige av bruk eller skjøtsel. Når område som tidlegare vart beita eller slått, gror igjen, vil plante- og dyrelivet endre seg. Mange artar er spesialiserte og avhengig av særskilte naturtypar, medan andre kan være avhengig av kombinasjonen av ulike naturtypar.

Oppsplitting og bortfall av leveområde er den viktigaste årsaka til at artar kjem på raudlista over trua arter. I tillegg er mange naturtypar prega av attgroing.

I låglandet er nedbygging av areal og endra driftsmåtar i landbruket viktige faktorar som har ført til at artar og naturtypar er trua. I høgareliggande strøk er attgroing ofte den viktigaste trusselen, men hytte-, veg- og kraftutbyggingar har også endra store areal.

Klimaendringar med høgare temperaturar, lengre vekstsesong og meir ekstremvær vil sannsynlegvis også ha effekt på tilstanden i naturtypane (kjelde: miljostatus.no)

Kongen i statsråd kan etter naturmangfaldlova gje særskilt verdifulle naturtypar status som utvald naturtype gjennom forskrift. Hittil har slåttemark, slåttemyr, kystlynghei, kalksjøar, kalklindeskog og hole eiker fått slik status.

Når ein naturtype er utvald, betyr det at det skal takast særskilt omsyn til naturtypen ved offentlege avgjerder som kan endre tilstanden eller utbreiinga av denne typen natur. Reglane om utvalde naturtypar legg vekt på berekraftig bruk, og er ikkje like strenge som i verneområde.

Tiltak for å ta vare på naturtypane er skildra i handlingsplanar for dei seks utvalde naturtypane. Fylkesmannen skal bidra til at måla i handlingsplanane blir nådd. I Møre og Romsdal er det utarbeidd skjøtselsplanar for dei fleste slåttemarkene, og eit utval kystlyngheier og slåttemyrer.

Gjennom miljøforvaltninga si tilskotsordning for trua naturtypar, kan grunneigarar, lag, foreiningar, private eller kommunar og andre institusjonar søke om tilskot til tiltak i førekomstar av utvalde og trua naturtypar. Landbruksføretak kan søke om midlar til ivaretaking av slåttemark og kystlynghei gjennom Regionalt miljøprogram. Fylkesmannen har hittil inngått skjøtselsavtale for over 150 slåttemarker og over 20 kystlyngheier i Møre og Romsdal.

I Naturbase er det informasjon om alle kartlagde naturtypar i fylket og lokalitetsskildringar med verdivurdering og avgrensing.


04.07.2016

Slåttemark i vinden i Møre og Romsdal

Dei gamle slåttemarkene, eller blomsterengene, er ein trua naturtype som sidan 2009 er følgd opp med eigen handlingsplan og tilskotsordning. I dag blir 150 slike enger skjøtta i fylket vårt.