Naturkartlegging

Det er eit nasjonalt og internasjonalt mål at det biologiske mangfaldet skal ivaretakast. Dette krev konkret kunnskap om naturmangfaldet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.11.2012

Både kommunar og andre har i ei rekkje samanhengar behov for eit oppdatert oversyn over område som har særskilde biologiske verdiar. Særleg viktig er dette i samband med overordna arealplanlegging, men òg innafor meir detaljert planlegging, sektorplanlegging i jord- og skogbruk og elles i den løypande saksbehandlinga, er det behov for data og kunnskap om naturkvalitetar og om naturtilstanden. Dette er data som ikkje minst er sentrale ved arealplanlegging og arealbruk etter Plan- og bygningslova og ved bruk av Naturmangfaldlova.

Resultatet av kartleggingsarbeidet blir vidare lagt til grunn for nasjonale overvakingsprosjekt som følgjer endringar i naturtilstanden. Arbeidet gir kunnskap om utbreiinga av artar og naturtypar som av ulike grunnar er sjeldne og som krevjar særskild merksemd i all samfunnsaktivitet.

Fylkesmannen har frå 1999 i samarbeid med kommunane hatt ansvaret for mellom anna kartlegging av viktige naturtypar i Møre og Romsdal og formidle informasjonen om naturverdiane. I alle kommunane er det kartlagt og ein er nå i gang med revisjon og supplerande kartlegging.

Sentrale informasjonskjelder som informerar om kartleggingsresultata er ålment tilgjengelege i kartdatabasar som Naturbase og Gislink. Artsdata er samla i Artsdatabanken sine kartdatabasar.

Meir informasjon

Utfyllande informasjon om kartleggingsarbeidet finn du i ei lenke oppe til høgre på sida.


Publisert 30.06.2016

Kartleggingsrapportar

I 1999 starta arbeidet med kartlegging av biologisk viktige naturtypar. Resultatet av kartleggingsarbeidet har stort sett blitt gitt ut i eigne rapportar og data frå desse har så blitt lagt inn i kartdatabasen www.naturbase.no

I tillegg til dei kommunale kartleggingane foregår det ein del kartlegging av mellom anna trua naturtyper og trua artar i fylket. Rapportane på dei ulike kartleggingane blir publisert her.