Trua artar

Svartstrupe i Sandsvågen, Sande kommune (Foto: Ingar Støyle Bringsvor)
Svartstrupe i Sandsvågen, Sande kommune (Foto: Ingar Støyle Bringsvor)

I Møre og Romsdal er 588 artar oppført i Norsk rødliste for arter 2015. Av desse er 287 artar trua og 301 artar er vurdert å vere nær trua. Dei fleste av desse artane er sopp, lav, karplantar og fuglar.

Årsakene til at mange artar fins i små bestandar og går attende, er samansette. Det kan både vere menneskeleg påverknad og naturleg påverknad. Dei viktigaste faktorane som truar det biologiske mangfaldet er arealendringar, forureining, klimaendringar, framande artar og beskatning.

 

287 artar er klassifisert som trua i Møre og Romsdal i Norsk rødliste for arter 2015.


22.05.2017

Ta vare på sjeldne fuglar i kulturlandskapet

Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet er i tilbakegang. Dette gjeld mellom anna åkerrikse, storspove og vipe. Ved å utsette slåtten der fuglane hekkar, bidreg ein til å ta vare på desse artane.