Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyheiter - miljø og klima
08.04.2024Utvida høyringsfrist Dalan naturreservat
Statsforvaltaren forlenger høyringsfristen for Dalan naturreservat i Surnadal kommune til 28.04.2024. Bakgrunnen er at to grunneigarar har tilbydd 321 daa skogsmark etter at høyringa har starta.
08.04.2024
Miljødirektoratet stadfestar Statsforvaltaren sine løyver og avslag til oppdrettsanlegg i Batnfjorden/Bergsøyfjorden
Etter fleire klager på Statsforvaltaren sine vedtak, har Miljødirektoratet vurdert saka. Dei er einig i Statsforvaltaren sine avgjerder.
22.03.2024
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur av fisk i sjø
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel blir tillate utan særskild løyve etter forureiningslova.
19.03.2024
Søknad om utsleppsløyve for utfylling ved Bjørge Industriveg 7 på Ellingsøya i Ålesund kommune
Jacob Bjørge AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Bjørge Industriveg 7 på Ellingsøya, gnr. 158 bnr. 16.
12.03.2024
Statsforvaltaren har meldt Statkraft for forureining
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har meldt Statkraft Energi AS for brot på forureiningslova etter det store slamutsleppet i Surna.
08.03.2024
Fem skogområde er verna ved frivillig vern
Fem område i Møre og Romsdal er freda som naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i mellom anna rike edellauvskogar og gammal furuskog blir teke vare på for kommande generasjonar.
07.03.2024
Fangst av oppdrettslaks som har rømt i Tingvollfjorden
Lerøy Midt Sjø AS meldte 27. februar om at oppdrettslaks hadde rømt ved lokaliteten Naustneset i Tingvollfjorden i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal. No vert mest mogleg av den rømte laksen fiska opp att.
01.03.2024
Sjøaure er freda i mars og april
I mars og april er sjøaure freda i alle sjøområde i fylket, med unntak av Smøla kommune.
01.03.2024
Oppgang i søknadar på Klimasats frå kommunar i Møre og Romsdal
Klimasats er ei stønadsordning som bidreg til at kommunar sett i gang klimatiltak som ellers ikkje ville blitt gjennomført. Dei siste åra har talet på søknadar og omfanget av søknadar vore synkande i Møre og Romsdal. I år har heldigvis trenda snudd.
28.02.2024
Kommunane kan søke om tilskot til natur
Regjeringa styrkar satsinga på natur med ei heilt ny tilskotsordning som går under namnet «Natursats».
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel