Klimaklokt landbruk

Kan skogen vere ein del av klimaløysinga?

På denne temasida presentarar vi fagstoff og statistikk knytt til klima og klimatilpassing. Fylkesmannen vil som kompetansesenter samle, oppdatere og formidle noko av kunnskapen innan området.


01.12.2020

Tilskot til klimatiltak i landbruket

Landbruksnæringa har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Det finst fleire tilskotsordningar for klimatiltak på garden.


23.10.2020

Planting av skog på nye areal som klimatiltak

Vestlandet har rikeleg med godt eigna areal for skogplanting for auka CO2 opptak. Det nasjonale pilotprosjektet «Planting av skog på nye arealer» vart avslutta i fjor og gav mange svar.


15.10.2020

Landbruksnæringa lanserer klimakalkulator

Landbrukets Klimaselskap SA lanserte 15.oktober «Klimakalkulatoren» for norske gardsbruk. Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå.


01.10.2020

Gloppen involverer landbruket i klimaplan

Gloppen kommune er godt i gang med arbeidet med klimaplanen sin. Landbruket var fyrst ut med å kome med innspel.


17.08.2020

Beiting i utmarka har ein verdi i klimasamanheng

I Vestland er det mykje god utmark med gras og urter som sauen, kyra og geita kan lage om til mat for oss menneske. Drøvtyggaren slepp ut metan som er ein klimagass, men den gjer òg noko som er bra for klimaet.


07.08.2020

Kor og når vert karbon fanga i jord?

Ferske rapportar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), framhevar fangvekster og biokull i kulturar med open åker, som dei mest effektive verkemidla for karbonfangst i jordbruket. Langvarig eng gir også eit positivt bidrag, og stabiliserer nivået av organisk materiale i jord.  


04.08.2020

Karbonbinding i rett jordtype

Det er viktig å kjenne terrenget og landbruksjorda si for å kunne velje rett strategi i klimaarbeidet på ein gard.  Karbonbinding i jord er sett på som ein positiv strategi for å redusere CO2-avtrykket frå jordbruket. I nokre tilfeller er det mest effektive tiltaket å hindre nedbryting av karbon, framfor å prøve å binde karbon i jorda på ein vestlandsgard. 


30.06.2020

Bioenergi frå skogen

Fotosyntesen er naturen si geniale løysing på fangst og lagring av karbon. Skog og skogbruk er difor viktig med tanke på utfordringar knytt til utslepp av klimagassar, og dermed òg kva energikjelder me nyttar.


19.05.2020

Klima og klimagassar

Klima og vêr er ikkje det same. Vêr er det som er ute kvar dag, klima er gjennomsnittet av vêret over lang tid. Målingar gjort over tid av til dømes temperatur, nedbør og ismengde, viser at klimaet endrar seg. Middeltemperaturen på jorda har auka med ca. 1C sidan førindustriell tid. Utslepp til luft av ulike gassar fører til miljøproblem som klimaendringar og forsuring.


30.04.2020

Frå skogreising til avskoging til påskoging

Kva er status for skogen på Vestlandet? Kva er dei klimarelaterte konsekvensane? Og korleis påverkar skogen og skogbruket klimaet? Sju spørsmål, sju svar.