Landbruk og klima - komplekse utfordringar krev heilskaplege løysingar

Dato:
26. august 2020 10:00 - 11:00
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbrukskontora i kommunane

Kva rolle spelar landbruket i ei verd der klimagassutsleppa skal ned? Og kva konsekvensar får klimaendringane for matproduksjonen? Vi inviterer til webinar om klima og landbruk 26. august. 

Landbruket skal også ta sin del av reduksjon av klimagassutsleppa framover, samstundes som klimaendringane gjer at det vert meir utfordrande å produsere mat i framtida. 

Arne Bardalen, spesialrågjevar i NIBIO, skal gje oss eit overblikk over temaet landbruk og klima. Han tek utgangspunkt i rapporten om klimaendringar og landareal som FN sitt klimapanel (IPCC) gav ut i 2019. 

Fylkesmannen skal i haust arrangere fleire webinar om landbruk og klima, både med meir overordna tema og med konkrete tiltak som kan gjerast lokalt. Dette er det første webinaret i rekka. 

Meld deg på i skjemaet nedanfor. Du får tilsendt lenke til møtet i forkant.  

Frist for å melde seg på: måndag 24. august. 

Dato:
26. august 2020 10:00 - 11:00
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbrukskontora i kommunane