Rettleiar for fagdag om handtering av landbruksplast er lansert

Bilde viser personar og rundballar.
Fagdag om handtering av landbruksplast. Foto: Bastian Hoffmann, SFVL.

Plastforsøpling i landbruket er eit veksande problem. Deling av kunnskap og erfaringar frå alle som handterer landbruksplast er avgjerande for å finne gode løysingar.

Publisert 22.02.2024

Plastforsøplinga har dimensjonar som enno ikkje er fullstendig utforska, og der mange aktørar er involverte.

Etter at NORCE presenterte rapporten «Plast i elver på Vestlandet», som viser til landbruksplast i 43 elvar på Vestlandet, tok Statsforvaltaren i Vestland initiativ til eit møte med næringsaktørar, som brukar og handterer landbruksplast. Det er ein samansett problemstilling, der mange er involverte og der handteringa er kompleks og utfordrande. Dette må løysast i fellesskap, til dømes ved å etablere ei open plattform for diskusjonar: Forum Landbruksplast.

Forumet var opphavleg tenkt som eit nettverk for Vestland, men viste seg raskt å vere aktuelt for aktørar over heile landet. Dette vart starten for eit nasjonalt forum for landbruksplast, med representantar frå offentleg forvalting, forsking, utvikling, rådgjeving, entreprenørverksemd, sal og distribusjon, renovasjon, frivillige og fagorganisasjonar.

Fysisk og digital møteaktivitet blir til samarbeid på tvers av fylkesgrensa

Forumet kom til i koronatida, og dermed var det låg terskel for digital deltaking frå alle delar av landet. Fire forumsmøte i året, fag- og markdagar, hybridseminar (digital og fysisk deltaking), og meir kontakt mellom medlemmene, har ført til meir samarbeid. Tema har vore konkrete aktivitetar, praktiske og kunnskapsretta tiltak i regionar og organisasjonar, frå gard til forsking, frå betre handtering og innsparing av plast til opprydding.

Frå tastatur til praktiske tiltak og kunnskapsformidling: praksisorientert rettleiar til gjennomføring av fagdag om rett plasthandtering

I 2023 tok Forum landbruksplast initiativ til å utvikle ein rettleiar for gjennomføring av fagdagar. Dette er eitt av fleire tiltak for å fremje berekraftig og lovleg handtering av landbruksplast. Den praktiske rettleiaren er utvikla av medlemmene i forumet, og støtta av Statsforvaltaren i Vestland og Handelens Miljøfond. Den er laga for bønder, offentleg forvaltning, entreprenørar, renovasjonsselskap, rådgjeving, utdanningssektoren og andre, og legg opp til ein fagdag der ein deler kunnskap og erfaringar for å handtere plast på ein ansvarleg måte.

Kvifor er slik fagdag viktig for mange?

Merksemd om avfallshandtering
Det er mykje vi ikkje kan sjå konsekvensane av, både i vatn og jord, når vi ikkje handterer plastavfall på rett måte. Å førebyggje miljøforureining har direkte verknad på jordfruktbarheit, dyrehelse og trygg matproduksjon.

Erfaringsutveksling
Gode og dårlege erfaringar er til nytte for alle, for å finne gode løysingar på problema knytt til plasthandtering i landbruket. Slik innsikt vil få fortgang i arbeidet med å ordne opp i plasthandteringa for kvar enkelt gard, og dermed også på landsbasis.

Bionedbrytbar plast
Kva er fordelar og avgrensingar ved bruk av bio-nedbrytbar plast? Kva må vi kontrollere, for at bio-nedbrytbar plast skal fungere som løysing i arbeidet med å stoppe plastforureining?

Regelverk og retningslinjer
Den praktiske betydninga av lover og retningslinjer, som styrer handteringa av landbruksplast.

Kva hjelper rettleiaren konkret med?

Rettleiaren gir ei detaljert oversikt over korleis ein kan arrangere ein vellykka fagdag, frå planlegging til gjennomføring. Han inneheld tips til programinnhald og foredragshaldarar, og korleis du kan engasjere og informere deltakarane. Vidare gir han råd for å sikre at arrangementet blir interaktivt og lærerikt, med søkelys på rett handtering av landbruksplast.

Rettleiar for fagdag om rett handtering av landbruksplast

Film - Hvorfor fokus på landbruksplast

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Forum Landbruksplast

Du finn meir informasjon ved å følge desse lenkene:

Youtube
Facebook