Hybridseminar: Landbruksplast i jord og vann

Illustrasjonsbilde.
Illustrasjonsbilde. Foto: Bioregion Institute.

Forum landbruksplast inviterer alle interesserte og engasjerte til eit energisk dagsseminar på tvers av fagfelt og kompetansar onsdag 26. oktober. Vi må jobbe saman for å finne løysingar på plastforureiningar i naturen. Du kan delta fysisk eller digitalt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2022

Alle aktørar frå heile landet er velkomne; frå heile verdikjeda, frå bønder med kunnskap og ekspertise på bruk av plasten, forskarar på mikroplast, dei som jobbar med miljøspørsmål, regelverk, forvaltning, avfallshandtering samt frivillige organisasjonar.

Møt aktørane på seminaret med fokus på tverrfagleg, løysingsorientert gruppearbeid med potensial for oppfølging etter seminaret.

Arrangementet vert haldt i Bioregion Institute sine store, nye lokalar på Laksevåg i Bergen i det som framleis er eit industriområde med utsikt over heile vågen. Det blir god lunsj, kaffi og rikeleg tid til å snakke saman. Om du ikkje kan delta fysisk i Bergen, kan du bli med digitalt.

Seminaret vert organisert i samarbeid med NIVA og EU-prosjektet Papillons.

Klikk her for meir informasjon og påmelding.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.