No kan du nominere kandidatar til Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland

Statsforvaltar i Vestland Liv Signe Navarsete, saman med prisvinnaren i 2022 Tormod Magnesen og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutvalg for næring. Klima- og miljøprisen for landbruket er oppretta i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren.
SAMARBEIDAR OM PRISEN: Statsforvaltar i Vestland Liv Signe Navarsete, saman med prisvinnaren i 2022 Tormod Magnesen og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutvalg for næring. Klima- og miljøprisen for landbruket er oppretta i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren. Foto: Vestland fylkeskommune.

Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland er ei høgt vurdert utmerking. I år skal han delast ut for andre gong. Fram til 11. mars har du sjansen til å nominere kandidatar, som du meiner fortener denne heideren.

Publisert 26.01.2024

No har du høve til å løfte fram og anerkjenne dei som gjer ein ekstra innsats for klima og miljø i landbruket vårt. Med ein premie på 30 000 kroner, er prisen eit tydeleg teikn på verdsetting av dei som bidreg aktivt til klima- og miljøvennlege løysingar i landbruket, og fremjar naturmangfald.

Kven kan nominerast?

Dette er ein pris som kan gå til ei brei gruppe aktørar i landbrukssektoren. Kandidatar kan vere gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder, FoU-verksemder, lag og andre som deltek i fellestiltak eller samarbeid. Vi ser etter dei som har utmerka seg med særleg god innsats innan klima og miljø i landbruket.

Føremålet med prisen

Prisen, som vert delt ut annakvart år, er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvalteren i Vestland. Gjennom prisen ønskjer vi å auke merksemda og kunnskapen om gode klima- og miljøtiltak i landbruket. Målet vårt er å synleggjere og løfte fram dei beste eksempla, og inspirere til vidare innsats og nyskaping.

Døme på tiltak som fortener merksemd kan vere:

  • arbeid med karbonbinding
  • reduksjon av klimagassutslepp
  • tiltak for klimatilpassing
  • målretta arbeid med jord og skog
  • tiltak for å forbetre vasskvalitet
  • innsats for gjenvinning og reduksjon av avfall
  • styrking av naturmangfald

Nominasjonen din kan spele ei avgjerande rolle. Ved å nominere kandidatar, bidreg du til å anerkjenne og løfte fram dei som arbeider hardt for eit meir berekraftig landbruk. Dette er ikkje berre ein premie for dei som vinn, men også inspirasjon til å halde fram og styrke arbeidet sitt med klima og miljø, for alle i sektoren.

Alle kan nominere kandidatar. Dette er ein moglegheit for deg til å påverke og anerkjenne viktig arbeid som blir gjort i vårt fylke.

Nominer kandidatar i dag, og bidra til å setje lys på dei viktige miljø- og klimatiltaka i Vestland sitt landbruk. Lat oss saman feire dei som gjer ein ekstra innsats.

Følg lenkja for å kome til Vestland fylkeskommune si side og registreringsskjemaet, og les meir om kven som vann prisen sist.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.