Nettmøte om klimaavtala mellom staten og næringa

Dato:
28. oktober 2020 12:00 - 13:30
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane

Fylkesmannen i Vestland inviterer kommunane til nettmøte onsdag 28. oktober der Landbruks- og matdepartementet og Bondelaget presenterer klimaavtalen mellom staten og næringa.

Publisert 24.09.2020

Regjeringa og organisasjonane i jordbruket, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, inngjekk i 2019 ein intensjonsavtale om å arbeide for reduserte klimagassutslepp, og auke opptak av karbon frå jordbruket. I løpet av 10 år og 10 sesongar skal jordbruket reduserer klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar. Landbruket har laga ein plan for korleis det skal vere mogleg å nå desse måla utan å redusere matproduksjonen.

Frå Landbruks- og matdepartementet deltek Liner Meinert Rød.
Frå Bondelaget deltek 1. nestleiar Bjørn Gimming.

Meld deg på i skjema nedanfor. Du får tilsendt lenke til møtet dagen før nettmøtet.

Frist for påmelding: måndag 26. oktober.

 

Dato:
28. oktober 2020 12:00 - 13:30
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane