Utfylling ved Solbakk i Strand

Høringsfrist:
9. oktober 2015 15.30

Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø langs Rv. 13 mellom Solbakk og Strandastøa i Strand kommune.

Publisert 11.09.2015 av Administrator

Vegstrekninga skal utbetrast i standard, samstundes som det skal opparbeidast gang-/sykkelveg på innsida. Fyllinga vil ha eit volum på om lag 80 000 m3, og dekkje eit areal på om lag 9000 m2.

Fyllmassane vil i stor grad bestå av tunnelmassar som kan innehalde restar frå sprengstoff og plastfiber. Tiltakshavar vil fjerne flytande plastrestar ved hjelp av utlagde lenser og dagleg oppsamling med håv. Det aktuelle sjøområdet har tidlegare vore ein god hummarlokalitet, og det bør leggjast til rette for moglegheita til re-etablering av hummarhabitat på lang sikt.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.