Utfylling ved Mekjarvik i Randaberg

Høringsfrist:
9. oktober 2015 15.30

Mekjarvik Eiendom AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling og pelearbeider i sjø ved Mekjarvik, Randaberg.

Publisert 11.09.2015 av Administrator

Tiltaket blir planlagt i samband med bygging av kai og tilrettelegging av eit nytt nærings-/industriområde. Det blir søkt om utfylling av om lag 60 000 m3 sprengsteinmassar over eit areal på om lag 12 000 m2.

Det har ved tidlegare undersøkingar blitt påvist forureining i nærliggjande botnsedimenter, og ein må difor gå ut frå at sjøbotnen i utfyllingsområdet og er forureina. Tiltaksområdet ligg nær Randabergbukta som er ein del av verneområdet «Jærstrendene», og omfattar viktige naturtypar som ålegrassamfunn og blautbotnsområder. Utfyllingsområdet blir skilt frå Randabergbukta med ein molo, og denne kan tenkjast å hindre betydeleg utveksling av vassmassar og sedimenter mellom dei to områda. Tiltakshavar vil leggje et tildekkingslag som avbøtande tiltak for å hindre vesentleg partikkelspreiing.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.