Statens vegvesen søkjer om løyve til tildekking av forureina sjøbotn i Stavanger hamn - Bangarvågen, Buøy og Engøysundet

Høringsfrist:
15. desember 2016 23.30

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region vest (SVV) om løyve etter forureiningslova § 11 og forureiningsforskrifta § 22-6 til tildekking av forureina sjøbotn i indre og ytre Bangarvågen, Buøy og i Engøysundet.

Publisert 17.11.2016

Tidlegare undersøkingar har synt at sjøbotnen i store deler av Stavanger hamn er forureinat av organiske og uorganiske miljøgifter. Miljødirektoratet og Stavanger kommune samarbeider om tiltak som kan gjennomførast for å sikra mot spreiing av miljøgifter. Miljødirektoratet har i 2016 gitt tilsagn om 20 mill. kroner til tildekking av forureina sjøbotn i Bangarvågen og Engøysundet. Tildekking av sjøbotnen vil vere eit samarbeid mellom Stavanger kommune og SVV.

Fylkesmannen i Rogaland har fått delegert mynde frå Miljødirektoratet til å handsame søknaden.

SVV har søkt om løyve til tildekking av forureina sjøbotn med eit tildekkingslag og deretter inntil 2 meter sprengsteinsmassar. Sprengsteinsmassane stammer frå aktuelle tunnelprosjekt i regionen.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i lenkja i høgremargen.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.