Søknad om utfylling i sjø ved Talgje kai

Høringsfrist:
2. juni 2017 23:59

Inga og Terje Østebø søker om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 43/58 ved Talgje kai i Finnøy kommune.

Publisert 05.05.2017

Føremålet med utfyllinga er å tilretteleggje for framtidig sjøretta næring, slik som havbrukspark og annan maritimt retta næringsverksemd. Det er derfor søkt om utfylling av ca. 20 000 m3 lokale reine sprengsteinmassar i sjø, som vil dekkje eit sjøbotn areal på ca. 5700 m2.

Sjøbotnen i utfyllingsområdet består ifølgje søkar av fjell og grovare kornstorleik. Derfor er det ikkje tekne sedimentprøvar for å undersøkje grad av forureining, men i staden dokumentert med ei samling undervassfotografi. Det er ikkje planlagt nokre avbøtande tiltak for å hindre partikkelspreiing som følgje av arbeida.

Det ligger fleire viktige skjelsand- og tareskogførekomstar i 170-600 meters avstand, vest-nordvest, frå utfyllingsområdet av høg verdi. I eit eventuelt løyve kan det bli aktuelt å stilla krav til overvaking av partikkelspreiing med turbiditetsmålingar under utfyllingsarbeida, for å hindra skade på dei viktige naturtypane. Det vil også bli satt krav om internkontroll, verneplan, m.v.

Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i høgremargen. Uttaler frå interesserte sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 02.06.2017.