Søknad om utfylling i sjø ved Kuneset i Stavanger

Høringsfrist:
7. desember 2015

Statens vegvesen søker om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Kuneset, Hundvåg i Stavanger kommune.

Publisert 09.11.2015

Statens vegvesen har behov for ei utviding av utfyllinga ved Kuneset for å handtere restmassar frå før Ryfastprosjektet gjekk over til å bruke stålfiberarmering. Delar av massane inneheld difor plastfiber. Søkjar planlegg å etablere ein tett sjeté med reine sprengsteinsmassar, og fylle massar som inneheld plastfiber innanfor denne. Utvidinga omfattar totalt eit volum på om lag 360 000 m3, og vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 20 500 m2. Utfyllingsområdet ligg i nærleiken av viktige naturtypar som ålegrasenger, blautbotnsområder og tareskog, samt nær eit gyteområde for brisling. Søkjar har foreslått å nytte siltgardin for å skjerme ein ålegrasforekomst på østsida av tiltaksområdet. Det vil i eit eventuelt løyve bli satt vilkår om blant anna internkontroll, overvaking av resipient, støykontroll og avfallshandtering.

Fråsegn frå interesserte sendes Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker.

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.