Søknad om utfylling i sjø ved Husøy på Karmøy

Høringsfrist:
29. februar 2016

Husøy Eiendom AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Treholmen på Husøy i Karmøy kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.

Publisert 27.01.2016

Fylkesmannen har mottatt ein søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr./bnr. 86/71, Treholmen, Husøy, Karmøy kommune. I samband med betring av eigendommen som næringsareal er det behov for to utfyllingar som fundament for ny kai. Utfyllingane har til saman eit volum på om lag 40 000 m3, og tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 9 200 m2. Delar av kaien skal fundamenterast på pelar, og det vil òg bli behov for noko sprenging når pelane skal setjast ned.

I nærleiken av tiltaksområdet er det registrert viktige funksjonsområder for sjøfugl, og det er gjort mange observasjonar av raudlista artar i nærområdet.

Undersøkingar av sjøbotnen har påvist forureining av TBT i utfyllingsområdet, men at botnsubstratet består av lite og i hovudsak grovkorna sediment. Søkjar har ikkje planlagt nokre avbøtande tiltak, men foreslår å utføre arbeidet innanfor perioden 15.september til 15. mai av omsyn til sjøfugl samt frilufts- og rekreasjonsinteresser.

Uttalar til det omsøkte tiltaket kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.