Søknad om utfylling i sjø og mellombels utslepp anleggsvatn Mekjarvik

Høringsfrist:
30. juni 2016

Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utfylling og mellombels utslepp av anleggsvatn i sjø ved gnr./bnr. 50/4 i Mekjarvik i Randaberg kommune. Frist for å uttale seg om søknadane er 4 veker.

Publisert 02.06.2016

Fylkesmannen har fått to søknadar som gjeld utfylling i sjø og utslepp av midlertidig anleggsvatn frå tunneldriving i Mekjarvik.

I samband med Rogfast-prosjektet skal det drivast ein sidetunnel, entreprise E11, frå strandsona ved eigedommen 50/4 og vestover til hovudløpet til Boknafjordtunnelen. Statens vegvesen søkjer om utfylling av ca. 130 000 m3 tunnelmassar frå E11 i sjø, samt om utslepp til sjø av vatn frå tunneldrivinga og frå anleggs- og riggområder i anleggsfasen.

Vegvesenet planlegg å bruke lense for å samle opp plastavfall frå utfyllingsmassane, og etablere eit overvakingsprogram for å beskytte nærliggjande ålegraseng, oppvekstområde for fisk, og vassinntak.

Det er ikkje påvist forureining i sedimenta i tiltaksområdet. Arbeida vil ta om lag ni månader.

Uttalar til dei to søknadane kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til 4 veker.

Sjå høyringsbrev og søknadsdokument i høgremargen.