Søknad om utfylling i sjø Helgøysundet i Hjelmeland kommune

Høringsfrist:
22. oktober 2016

Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utfylling i sjø i samband med etablering av bru mellom Helgøy og Mosnes, Hjelmeland kommune.

Publisert 22.09.2016

Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve etter forureiningslova og forureiningsforskrifta til utfylling i sjø. Tiltaket skal utførast for å etablera fastlandsforbindelse mellom Helgøy og Mosnes, iht. reguleringsplan R135 i Hjelmeland kommune. Det er planlagt å bruka overskotsmassar frå Ryfastprosjektet. Massane vil bli transportert frå Solbakk i Strand kommune, til Helgøysundet med lekter, lastebåt eller tilsvarande. Alternativt kan det vera aktuelt å bruka stein frå Rogfastprosjektet. I følgje utført sedimentgransking er botnsedimenta vurdert som reine, og består hovudsakeleg av sand og stein. Det er ikkje registrert viktige naturtypar i direkte nærleik av utfyllingsområdet, foruten ein svært viktig tareskogførekomst aust for utfyllingsområdet, ved Grønvik.

For å hindra spreiing av skyteleidningar av plast, planlegg søkjar å benytta lense med hengjande siltgardin/not rundt tiltaksområdet. I eit eventuelt løyve kan det m.a. bli aktuelt å stilla krav til overvaking av partikkelspreiing.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Uttaler til det omsøkte tiltaket kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.