Søknad frå Hermod Teigen om utsleppsløyve for anlegg for kasserte kjøretøy og skrapmetall på Foss-Eikeland

Høringsfrist:
28. august 2015 15.30

Hermod Teigen AS har søkt Fylkesmannen i Rogaland om utsleppsløyve etter forureiningslova for mottak av kasserte kjøretøy og skrapmetall på eigedomane gnr/bnr 50/71, 50/75 og 50/76 Foss-Eikeland i Sandnes kommune. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn.

Publisert 26.06.2015 av Administrator

Det er søkt om å ta i mot 4000 kasserte kjøretøy og 10 000 tonn skrapmetall årleg.

Verksemda er planlagt i hovudsak å foregå innandørs i hall. Mellomlagring av ikkje-miljøsanerte vrak er planlagt å skje på tett dekke under tak.

Som ein del av søknaden er det er utført ei risiko- og sårbarhetsanalyse knytta til brann. 

Merknader til søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger. 

Sjå saksdokumenta i høgremargen.