Kunngjering av søknad om løyve etter forureiningslova Ragn-Sells AS i Tysvær

Høringsfrist:
3. desember 2016

Ragn-Sells AS har søkt om løyve til å starte opp verksemd med mottak, lagring og kverning av returtrevirke og til utskiping av ferdig flis frå Gismarvik hamn, Haugaland Næringspark i Tysvær kommune.

Publisert 04.11.2016

Ragn-Sells AS søker om å få lagre inntil 4 000 tonn returtrevirke inkl. treflis på eit 5 000 m 2 stort innegjerda og asfaltert areal på eigedomen gnr. 60 bnr.15. Kverning og lagring av ferdig flis skal skje i rubbhall. Det vil vere døgnkontinuerleg drift ved anlegget kun i samband med innlasting av skip.

Saksdokumenta er lagt ut offentleg gjennomsyn i Tysvær kommune, på servicetorget i Aksdal, Rådhusvegen 9 og i høgremargen på denne nettsida.

Kommentarar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no seinast fire (4) veker etter at søknaden er kunngjort. Privatpersoner, råd og interesseorganisasjonar vert bedne om å sende kopi av sine kommentarer til Tysvær kommune og til Rogaland fylkeskommune.