Tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde

Mål for ordninga

Sikre god forvaltning av naturverdiane i kulturlandskap med høge verdiar knytt til naturmangfald.

Kva for tiltak kan få tilskot

  • Skjøtsel av areal
  • Restaurering av areal med sikte på å ta tilbake eller oppretthalde naturverdiane ved skjøtsel
  • Fjerning av framande artar
  • Gjerding
  • Informasjon
  • Tilpassa driftsform i jordbruket.

 

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, vi bli prioritert. Der det er mogleg, bør tiltaka samfinansierast med tilskot til miljøtiltak i landbruket.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist:
15.01.2019 00:00:00
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Ansvarlig:
Hege Steigedal
Hvem kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.