Tilskot til fisketiltak

Tilskotsordninga skal medverke til å legge til rette for bevaring og forvaltning av ville anadrom laksefisk, samt å legge til rette for fiske etter anadrom laksefisk.

Ordninga skal nyttast til tiltak knytt til bestandar av laks, sjøaure og sjørøye som kjem samfunnet og allmennheita til gode.

Tilskot kan bl.a. bli gitt til laksetrapper, tiltak for å betre tilgangen og moglegheita til fiske for allmennheita, tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske, anvendt FoU-verksemder og overvaking som grunnlag for blant anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar samt til forvaltning av og informasjon.

I 2019 vil arrangement og informasjonstiltak om villaks i forbindelse med det internasjonale villaksåret også få tilskot.

 

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist:
15.01.2019 00:00:00
Målgruppe:
.
Ansvarlig:
Geir Moen
Hvem kan søke:
.