Mellombels tilskot til dei sosiale tenestene i NAV-kontoret for å handtere konsekvensar av Covid-19

Det er no utlyst mellombels tilskot til dei sosiale tenestene i NAV-kontora. Formålet med tilskotsordninga er å støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for sosiale tenester som følgje av konsekvensar av utbrot av Covid -19.

Målgruppa for tilskotet er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, eller andre som treng hjelp til å vinne over ein vanskeleg eller forverra livssituasjon som følge av Covid-19.

Eit endra eller auka behov for sosiale tenester skal gjennom omstilling og nye arbeidsmåtar mellom anna:

  • ta i vare personar med sosiale og samansette problem som spesielt blir ramma av konsekvensar av Covid -19
  • auke innsatens for førebyggje langvarige økonomiske vanskar for personar og familiar som følgje av situasjonen med Covid-19
  • ta i vare familiar med born og unge som blir spesielt ramma av konsekvensar av situasjonen med Covid-19.

For meir informasjon sjå fullstendig utlysningstekst i høgremenyen. Der finn du også regelverk og søknadsskjema

Søknadsfrist 1. september 2020

Søknadsfrist:
01.09.2020 00:00:00
Målgruppe:
NAV-kontor i Møre og Romsdal
Ansvarlig:
Helse og sosialeavdelinga
Hvem kan søke:
NAV-kontor i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
15.01.2021 00:00:00

Kontaktpersoner

Dokumenter