No er det alvor – rusta for ei uviss framtid

Bilde av NOU-en

Det er eit stort behov for å prioritere tryggleik og beredskap, og tida for å prioritere beredskap er no! Dette kjem fram av rapporten til Totalberedskapskommisjonen NOU2023:17.

Publisert 07.06.2023

Her kan du lese NOU2023:17 Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid.

Rapporten gjev ei brei utgreiing av samfunnstryggleik og beredskap med konkrete tilrådingar for å ruste Noreg for ei uviss framtid.

Måndag 5. juni leverte Totalberedskapskommisjonen sin rapport til justis- og beredskapsministeren. Rapporten vurderer korleis dei samla beredskapsressursane i Noreg best kan nyttast. Drøftinga til kommisjonen tek utgangspunkt i fire faktorar som treff Noreg breitt; stormaktrivalisering, teknologisk utvikling, klimaendrar og demografiske endringar.

Utviklinga i utfordringsbiletet gjer at vi må ta høgde for fleire langvarige og meir samansette hendingar og kriser. Rapporten kjem som resultat av dette med ti hovudtilrådingar. Tilrådingane skal bygge opp under behovet for eit robust beredskapssystem.

Hovudtilrådingane i rapporten

Eit robust beredskapssystem kjenneteiknast av motstandsdugleik mot alle formar for fare, i heile krisespekteret og so lenge situasjonen varer. Hovudtilrådingane til totalberedskapskommisjonen kan samanfattast i ti punkt:

  • Ein motstandsdyktig og uthaldande folkesetnad
  • Styrke lokalt og regionalt nivå i beredskapen
  • Styrke samarbeid på tvers av sektorar
  • Tettare integrering av næringslivet i den nasjonale beredskapsstrukturen
  • Utvikle nasjonal situasjonsforståing, leiing og einskapleg rådstruktur
  • Utvide nordisk beredskapssamarbeid
  • Styrke beredskapsrolla til frivillige organisasjonar
  • Forsterke arbeidet med infrastruktur og digital tryggleik
  • Styrke forsyningstryggleiken

Det er alvor

Alvoret i den tryggingspolitiske situasjonen og dei globale trendane som utfordrar den nasjonale beredskapen gjer at det hastar å styrke norsk beredskap. Det er behov for å prioritere arbeidet med motstandsdugleik mot alle formar for fare. Dei ti tiltaksområda som utgjer hovudtilrådingane for eit meir robust beredskapssystem, vil gje retning og kraft i det nasjonale beredskapsarbeidet, og gje effekt i heile landet og for heile folkesetnaden.

Her kan du lese NOU2023:17 Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid.

Forsvar for fred og fridom – NOU2023:14

Tidlegare i år leverte forsvarskommisjonen sin rapport som vurderer om Noreg er godt nok rusta for å møte utfordringane i framtida. Eit breiare og meir komplekst utfordringsbilete set norsk forsvarsevne på prøve. Kommisjonen tilrår å styrke forsvarsevna til Noreg. 

Her kan du lese NOU2023:14 Forsvarskommisjonen av 2021 – Forsvar for fred og frihet.