Sjekkliste for samfunnstryggleik

Fylkesmannen har utarbeidd ei sjekkliste som gjev ein standardisert og forenkla framgangsmåte for ROS-undersøkingar. Denne er oppdatert i desember 2016. Denne kan tene som utgangspunkt for ROS-analysar i mindre/enkle arealplansakar, men planleggar/planmynde må i kvart tilfelle vurdere om bruk av sjekklista er føremålstenleg.

I saker der risiko eller sårbarheit ikkje vert avdekt, kan utfylt sjekkliste og kommentarar gå inn i saka som dokumentasjon av risiko og sårbarheit. Dersom risiko eller sårbarheit vert avdekt, må dette visast i sjekklista, saman med utfyllande ROS-vurdering av dei avdekte forholda. Kommunen må sjå til at det hentas inn tilstrekkelig fagkyndige vurderingar før planen blir vedtatt eller byggeløyve vert given. Eventuelt må det hentas inn ekspertundersøking av risikoen. Sjekklista kan under same føresetnad brukast i byggesaker og dispensasjonssaker. Sjekklista er ikkje fullstendig utfylt før den er datert og signert av den som går igjennom sjekklista.

I tillegg til ei generell oppdatering er det og lagt til ei sjekkliste retta mot klimatilpassing. Klimaendringane er forventa å påverke framtidig risiko og sårbarheit, og ROS-analysen må difor vurdere konsekvensar av desse.

Kontaktpersoner

Dokumenter