Risiko- og sårbarheitsanalyse

Ein god ROS-analyse skal gje grunnlag for å førebygge risiko for skade og tap av liv, helse, miljø, viktig infrastruktur, materielle verdar og liknande. Risiko og sårbarheit kan ligge i arealet slik det er frå naturen sin side, eller det kan oppstå som følgje av arealbruken – i og utanfor det aktuelle planområdet.


Det blir stilt krav om ROS-analyse i fleire lover og på ulike nivå. To av lovene som krev ROS-analyse er:
1. Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova). Lova sier at ein heilskapleg ROS-analyse skal vurdere alle uynskte hendingar som kan oppstå i kommunen som geografisk område, dette inkluderer hendingar som ikkje naudsynt er arealavhengige og i område som alt er utbygd.  
2. Plan- og bygningslova seier at alle utbyggingsplanar skal gjennomføre ROS-analysar. ROS-analysen er knytt til konkrete areal og funn frå denne blir integrert og følgde opp gjennom arealplanlegginga.

Arealplanlegging og ROS-analysar
Samfunnstryggleik skal integrerast i arealplanlegginga gjennom desse fasane i arbeidet:

  • Skaffe oversikt over risiko og sårbarheit
  • Unngå risiko og sårbarheit
  • Redusere risiko og sårbarheit
  • Handtere restrisiko

Etter plan- og bygningslova (pbl) skal det ved planar for utbygging gjennomførast ROS-analyse for planområdet. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarheitsforhold som har betyding for om arealet er eigna til utbyggingsføremål, og eventuelle endringar i slike forhold som følgje av planlagt utbygging, jf. pbl § 4-3. Dersom det i ROS-analysen blir oppdaga område med fare, risiko eller sårbarheit skal dette merkast i planen som omsynssone, jf. §§ 11-8 og 12-6. Til omsynssona skal kommunen vedta vilkår om utbygging som er naudsynt for å hindre skade eller tap. Målet med ROS-analysen er å medverke til eit best mogleg avgjerslegrunnlag for å unngå uheldige utbyggingar.

Det er ikkje alltid lett å avdekke vesentlege samfunnstryggleiksfaktorar knytte til ei enkel utbygging før ein ser dette i ein større samanheng. Dette er ein av grunnane til at fylkesmannen og DSB tilrår at det blir utarbeidd ein ROS-analyse på oversiktsnivå som eit grunnlagsdokument, ved utarbeiding av arealdelen til kommuneplanen. På bakgrunn av denne blir det stilt krav til planar og planlegging på detaljnivå, og krav til vidare analysar og utgreiingar for å sikre at samfunnstryggleik blir vareteke i planlegginga.

ROS på oversiktsnivå er naudsynt for å få til ein god arealdel til kommuneplanen, men ein slik analyse vil ikkje vere tilstrekkeleg til å tilfredsstille krav om ROS-analyse på regleringsnivå. Til dømes må planlegging på reguleringsnivå ta omsyn til reell fare.

Figuren under viser flytskjema for oppfølging av fare, risiko og sårbarheit i arealplanarbeidet.

Informasjon om ROS-analysar etter sivilbeskyttelseslova (Heilskapleg ROS) finn du her.