Nyheiter om plan og plansak

Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet som vart sendt ut fredag 24.1.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.01.2020

Ny rettleiar om barn og unge i plan og byggesak

Korleis ta omsyn til barn og unge i planlegging og konkrete byggetiltak? Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lansert ein rettleiar for korleis plan- og bygningslova kan sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge.

Nyttårskonferansen 2020 samla mange frå det offentlege Møre og Romsdal

Prosjektet Møre og Romsdal 2025 arrangerte Nyttårskonferansen i byrjinga av januar. Temaet for årets konferansen var berekraft og korleis offentleg sektor kan arbeide fram ein berekraftvisjon for fylket vårt. Fleire kommunar bidrog med innlegg. Lysbilda og video-opptaka av konferansen finn du her. Vil du vite meir om prosjektet Møre og Romsdal 2025, kan du lese meir på fylkeskommunen si nettside.

Berekraftfylket Møre og Romsdal

Satsinga «Berekraftfylket» blei lansert under Nyttårskonferansen 7. januar. Per i dag har over 20 kommunar og meir enn 10 statlege etatar meldt si interesse om å delta i satsinga. Det vert arbeidd med å få på plass støttefunksjonar og ressursar for å hjelpe kommunane i arbeidet, og vi håper å ha ei skisse til organisering klar om ein månads tid. Kommunar som ønskjer meir informasjon om Berekraftfylket til t.d. kommunestyret kan ta kontakt med prosjektleiar Ole Helge Haugen. Det same gjeld om du har idear til gode berekraftsatsingar eller prosjekt.

Målet med satsinga er mellom anna å gje kommunane meir kunnskap om korleis dei ligg an i høve til FN sine berekraftsmål, og gje kunnskapsgrunnlag for betre måloppnåing gjennom plan og budsjett.

Kommuneplankonferansen 2020 vert arrangert i Kirkenes

Forum for kommunal planlegging (FKP) arrangerer den årlege kommuneplankonferansen i Kirkenes 30.-31. mars. Hovudtemaet på årets konferanse er berekraft i planlegginga. Den raude tråden i konferanseprogrammet er: Korleis kan kommunar og fylkeskommunar følge opp forventninga om å legge til grunn berekraftsmåla i planlegginga? Melder du deg på før 31. januar unngår du påslag i prisen. 

Samling i plannettverka

Vi planlegg samlingar i dei tre plannettverka (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) også denne våren. Samlingane vil bli i veke 17 og 18. Konkrete datoar kjem om ikkje lenge. Eitt aktuelt hovudtema for samlingane kan vere sosial berekraft med nærare søkelys på koplinga mellom  helse og plan – jamfør stikkord som levekår, livskvalitet, folkehelse, universell utforming m.v.

Ta gjerne kontakt om kommunen din vil vere vertskap for plannettverksmøte eller om du har tema som du vil vi skal ta opp (synnove.valle@mrfylke.no).

Regional planlegging i rute

«Utfordringar og moglegheiter for Møre og Romsdal mot 2030 – kunnskapsgrunnlag for regional planstrategi og fylkesplan 2021 – 2024» ligg ute på heimesida mrfylke.no. Her finn du inngåande kunnskap om Møre og Romsdal på 12 ulike tema.

Høyringsutkast til regional planstrategi (RPS) 2020 – 2024 skal opp i fylkesutvalet 27. januar, og vil deretter bli sendt på høyring. Der ligg det mellom anna forslag til tre langsiktige utviklingsmål for Møre og Romsdal – eitt under kvar av FN sine berekraftsdimensjonar.

Oversikt over folkehelsa

Lov om folkehelsearbeid tredde i kraft 01.01.12 og seinare same år kom forskrift om oversikt over folkehelsa. Forskrifta utdjupar det ansvaret som kommunar og fylkeskommunar har for å skaffe oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i befolkninga si. Sjå Helsedirektoratet si side for meir informasjon. 

Kommunemøte FM og FK: Reviderte datoar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune til kommunebesøk våren 2020. Vi ønsker å tilby kommunane kunnskap og informasjon om viktige lover og regelverk som gjeld for kommunen. Målet er å gje deltakarane enda meir innsikt i det politiske handlingsrommet innanfor den kommunale verksemda. Program og revidert gjennomføringsplan blir lagt ut på Fylkesmannen sine heimesider.

Fylkeskommunen tek over ansvaret for statleg sikra friluftsområde

Frå 1.01.20 vart ansvaret for statleg sikra friluftsområde overført frå fylkesmannen til fylkeskommunen. Fylkeskommunen opptrer som grunneigar og rettigheitshavar på vegner av staten innanfor sitt fylke.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune er rådgivar Petter Jenset, tlf. 71 28 03 05/922 34 244. Meir informasjon finn du her.

Status for kommuneplanar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ei oversikt som viser status i kommunane sitt arbeid med kommuneplanens samfunnsdel og arealdel. Vi ser at det er store variasjonar kommunane i mellom når det gjeld kor tid planane sist var reviderte. Manglande oppdatering/rullering av overordna kommuneplan skaper ofte utfordringar for ei meir heilskapleg og langsiktig samfunnsutvikling og arealforvaltning. Som ledd i arbeidet med kommunale planstrategiar for perioden 2019 – 2023 skal kommunane vurdere både samla planbehov og ta stilling til revisjon av kommuneplanens samfunns- og arealdel.  

Ny kommunefordeling – plansaksbehandling hos Fylkesmannen

Fylkesmannen har endra kommunefordeling for plansaksbehandlinga si. Sjå oversikt her.

Ny kommunefordeling – plansaksbehandling hos fylkeskommunen

Fylkeskommunen har også endra kommunefordelinga for plansaksbehandlinga si. Sjå oversikt her.

Fylkesmannen med forventningsbrev til kommunane

Fylkesmannens forventningsbrev til kommunane for 2020 vil bli sendt ut i løpet av januar. Dette blir lagt ut på Fylkesmannen sine heimesider. Målet med forventningsbrevet er å informere om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter. Vi ønsker med dette å bidra til at Fylkesmannen og kommunane er best mogleg samordna omkring nasjonale føringar og oppdrag. 

Påminning om planforum

Alle fylkeskommunar har regionalt planforum og dette forumet er ein nyttig arena for dialog og konfliktavklaring i kommunale arealplanprosessar. Mange kommunar har gjennom planforumet fått hjelp og støtte i sine planprosessar. Bruk denne lenka for å melde inn saker til Regionalt planforum.

Om regionreform og plansamordning

I samband med regionreforma, har fylkeskommunen overtatt oppgåvene til Sams vegadministrasjon. Det inneber at viktige oppgåver som Statens vegvesen gjorde på vegner av fylkeskommunen, no må gjerast av fylkeskommunen sjølv. Vi vil derfor gjere særskilt merksam på at fylkeskommunen no skal gi vegfaglege fråsegner i plansaker til høyring. Dette vil no inngå i plansamordninga på lik linje med andre fagområde, etter prinsippet eitt brev inn, eitt brev ut. 

Det er likevel viktig å vere klar over at plansamordninga IKKJE gjeld nabovarslingar eller saksbehandling etter veglova (avkøyringsløyve, dispensasjon frå byggegrense etter veglova. Dette må sendast til postmottaket som eigne saker. Det er viktig at oversendingane er utforma slik at dokumentsenteret ser kva type sak det gjeld. Dette sikrar at saka vert ført til rette saksbehandlar. 

Nye gards- og bruksnummer

I samband med kommunereforma er det gjort endringar i nummerering av eigedommar. Her er ein nettstad som du kan søke på endringar i både kommunar og omnummerering av eigedommar. Søket gir oversikt over nye og gamle nummer på kommunar og eigedommar som var involverte i kommunesamanslåingar i perioden 2017-2020.

Motsegner på miljøområdet

Vi minner elles om rundskrivet frå Klima- og miljøverndepartementet frå oktober 2019 der ein klargjer miljøforvaltninga sin motsegnspraksis. Departementet skriv at «Det er ikke tilstrekkelig at nasjonale eller vesentlige regionale miljøinteresser er berørt. Konsekvensene må være av en slik karakter at innsigelse er nødvendig for å ivareta disse interessene, enten ved at det enkelte tiltaket alene vil kunne gi slike virkninger, eller dersom tiltaket sammen med andre påvirkningsfaktorer medfører en samlet belastning som tilsier at innsigelse er nødvendig.»

Klimaomstilling på dagsorden

Fylkesmannen har etablert ei tverrfagleg arbeidsgruppe som skal gi råd og rettleiing til klimaarbeid i kommunane, sjå lenke.

For meir informasjon om plan, sjå nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.