Fylkesmannen betre rusta til å hjelpe kommunane

FNs berekraftsmål om å stoppe klimaendringane seier at vi skal "Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem". Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedtatt at vi skal ha klimaomstilling som satsingsområde dei komande åra for å sikre trygg framtid for folk og natur. Vi har satt ned ei arbeidsgruppe som skal gi råd og rettleiing til klimaarbeid i kommunane.

Fylkesmannen skal både syte for reduserte klimagassutslepp og at samfunnet forberedast på, og tilpassast, eit klima i endring. I framtida skal Møre og Romsdal vere eit klimanøytralt samfunn som er godt tilpassa endra klima. For å kunne klare dette, må vi ha alle kommunane i fylket med på laget.

I satsinga har vi som mål at Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ein regional pådrivar innan klimagassreduksjon og klimatilpassing ved at vi tenkjer klimaomstilling i alt vi gjer. Det er satt ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe har ansvar for utforming og framdrift i arbeidet. Arbeidsgruppa består av representantar frå miljøvernavdelinga, landbruksavdelinga, beredskapsstaben og samordningsstaben.

Det er også satt av ein eigen koordinatorressurs hos Fylkesmannen til arbeidet. Koordinatoren har ansvar for å drive satsinga i det daglege.

Politikarar, leiarar og sakshandsamarar som har spørsmål eller problemstillingar knytt til klima, kan ta kontakt med klimakoordinator eller ein av dei andre i arbeidsgruppa. Kontaktinformasjon ligg til høgre på denne sida.

Arbeidsgruppa jobbar for å arrangere relevante kurs og konferansar for kommunane. Først ut blir Vær Smart! - kurs i klimatilpassing. Les meir om dette her:

https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/Klima/var-smart---kurs-i-klimatilpassing/

 

 

Plan

Klimatilpassing og beredskap

Klimatilpassing og beredskap

Innkjøp, tredrivaren

Landbruk og skog

Plansamordnar

Klimakoordinator