Årets digitale verkstad for klimabudsjett

For andre år på rad har Fylkeskommunen og Statsforvaltaren arrangert digital verkstad for kommunane i klimabudsjett. På denne sida har vi samla all informasjon som vart gitt under samlinga 24. april.

Publisert 25.04.2024

Statsforvaltaren har eit ønske om at alle kommunane i fylket opprettar klimabudsjett som styringsverktøy.  

 I statlege planretningslinjer for klima og energi er det gitt føringar om at kommunane skal innarbeide tiltak for å redusere utslepp av klimagassar i sin overordna planlegging. Handlingsprogrammet for planane skal ha ein tydeleg fordeling av ansvar. Dette kan løysast gjennom eit klimabudsjett som er kopla på kommunens budsjett og økonomiplan. 

 Ny handbok og mal for klimabudsjett 

Under verkstaden blei handboka Klimabudsjettering steg for steg lansert.  

Fylkeskommunen har i samarbeid med statsforvaltaren gitt oppdrag til tre berekraftskonsulentar frå internship-programmet på Campus Kristiansund, Martin Kleiven Jørgensen, Julia Volchkova og Veronika Priakhina. Dei har utvikla eit verktøy for å forenkle prosessen med å lage klimabudsjett.  

Prosjektet har resultert i ei handbok med tilhøyrande mal. Sjå også presentasjonen som vart vist av handboka under årets digitale verkstad. 

Klimabudsjett for 2025 

16 kommunar i Møre og Romsdal har laga klimabudsjett som del av budsjett og økonomiplana for 2024 (sjå lenker til alle budsjetta til høgre på denne sida). Fleire kommunar er i gong med å lage sitt første klimabudsjett. I den digitale arbeidsverkstaden fekk kommunane jobbe i grupper for å kome vidare i arbeidet med klimabudsjett for 2025. 

 Ikkje alle kommunane i fylket hadde høve til å bli med på samlinga. Vi har derfor samla alt materiale som trengs for å gjennomføre verkstaden i etterkant her på denne sida.