Skjerpa mål og føringar for jordvernet

Jordvernet vert ytterlegare innskjerpa både nasjonalt og regionalt. Foto: Tormod Meisingset

Stortinget har vedteke ny nasjonal jordvernstrategi og fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke eit nytt regionalt jordvernmål. Saman med nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging, så er bodskapet klart; dyrka mark må nyttast til matproduksjon.

Publisert 16.08.2023

Kommunane er jordvernmyndigheit

I Stortinget sitt vedtak er målet at berre 2 000 dekar matjord kan byggast ned per år. Dette er ei innskjerping på 1 000 dekar frå førre nasjonale jordvernmål. Jordvernstrategien er tydeleg på at jordvern må verte høgt prioritert i kommunane sin arealpolitikk for å nå målsettinga.

Møre og Romsdal strammar inn

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom «Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026» vedteke eit regionalt jordvernmål på 100 dekar i året. Dette er ei halvering av det førre jordvernmålet på 200 dekar. Her går det også fram at ein skal arbeide for arealnøytralitet som prinsipp i arealplanar. Dersom jord eller skog blir bygd ned, så skal det erstattast med nydyrka jord eller skogplanting.

Nasjonale forventningar om redusert tap av matjord

Regjeringa har nyleg presentert Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027. Her går det tydeleg fram at jordvernet er ei nasjonal interesse. Av omsyn til beredskap og matproduksjon, så er det naudsynt å ta vare på jordressursane over heile landet og sikre at matjorda er i drift. Omdisponering av dyrka jord skal reduserast, og arealplanlegginga skal bidra til å nå det nye jordvernmålet.

Nådde regionalt jordvernmål for 2022

For femte året på rad nådde Møre og Romsdal det gamle jordvernmålet på 200 dekar i 2022. 195 dekar dyrka mark vart vedteke omdisponert i fjor. Dette er det høgste talet sidan 2017. Men frå og med i år så er målet 100 dekar. Det betyr at kommunane lyt stramme inn og redusere nedbygging av matjord ytterlegare.

Fram til 2023 har det nasjonale jordvernmålet vore maksimal omdisponering av 3 000 dekar dyrka mark per år. Målet vart ikkje nådd i 2022, då 3 509 dekar dyrka mark vart vedteken omdisponert til andre føremål enn landbruk. Den største delen av omdisponert matjord i 2022  gjekk med til samferdsleføremål (38 prosent). No er den nasjonale målsettinga 2 000 dekar, og jordvernet må prioriterast endå sterkare.

imager8wxj.png

Statsforvaltaren vil følgje opp

Statsforvaltaren vil leggje nasjonale målsettingar, sentrale retningsliner og regionalt jordvernmål til grunn for vårt arbeid for å bevare matjorda i Møre og Romsdal. Dette skjer gjennom planarbeid og god og tydeleg kommunikasjon med kommunane i fylket vårt.