God kommuneplan for landbruksnæringa i Sykkylven

God kommuneplan for landbruksnæringa i Sykkylven. Foto: Tormod Meisingset

Sykkylven kommune har i forslag til ny kommuneplan ført tilbake 215 dekar dyrka jord og 180 dekar skog til landbruks,- natur- og friluftsføremål (LNFR) frå førre kommuneplan.

Publisert 02.10.2023

Jordvernpolitikken har vorte strengare. Dette tilseier at kommunane ved planrevisjonar bør vurdere om areal som tidlegare har vore satt av til føremål som inneber nedbygging og tap av dyrka jord, skal tilbakeførast til LNFR-føremål. Statsforvaltaren er særs godt nøgd med at Sykkylven har gjort ein stor innsats med å gå gjennom førre kommuneplan og ta ut areal som ikkje lengre er like aktuelle. 215 dekar dyrka jord og 180 dekar skog er ført tilbake til LNFR-føremål. Dette er i samsvar med forventningane om å ta vare på matjorda

som tidlegare landbruks- og matministeren Sandra Borch og tidlegare kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram formidla i sitt brev til kommunane og fylkeskommunane 23. mars 2022.

Tre motsegner på vegne av landbruksinteressene

I forslag til ny arealplan i Sykkylven kommune, har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fremja 3 motsegn på vegne av landbruksinteressene. Dette gjeld eitt mindre område for bustad og eitt lite område for næring, samt føresegnene til LNF om spreidd utbygging.

Statsforvaltaren rår til at lokaliseringskriterium for spreidd utbygging vert meir presisert. Dette for å hindre uheldige konsekvensar for landbruksnæring og matproduksjon. Bygging bør ikkje skje på dyrka mark (fulldyrka-, overflatedyrka jord og innmarksbeite), samt større samanhengande område av dyrkbar jord. Statsforvaltaren vil også at det skal fastsettast byggegrense på 30 meter mellom bustad/fritidsbustad og dyrka mark for å redusere miljømessige ulemper som støy,- støv- og luktplager for bebuarar og driftsulemper for bonden.

Kontaktpersoner