Smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet

Smittevernrettleiaren gir råd og informasjon om smittevern til norske produsentar av frukt, bær, grønnsaker og potet. Rettleiaren er gyldig fra publiseringsdato 14.05.2020, og vil bli oppdatert ved behov. 

Rettleiaren er utarbeidd av Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Stiftelsen matmerk og Fylkesmannen i Vestland (med faglege innspel fra Fylkesmennene i resten av landet), på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er teke utgangspunkt i mal for rettleiarar publisert av Folkehelseinstituttet (FHI), og den har vore på ei kort høyring hos FHI og i Bondelagets si arbeidsgruppe for grøntproduksjon.

Alle som på ein eller anna måte er involvert i norsk grøntproduksjon vil finne relevant stoff i rettleiaren. Viss du er i tvil om råda, er det helsemyndigheitene sine smittevernreglar som gjeld.

Viss du har konkrete spørsmål om:

  • Smittevern – ta kontakt med kommunehelsetenesta
  • Innkvartering eller arbeidsmiljø – ta kontakt med Arbeidstilsynet
  • Næringsmiddeltryggleik – ta kontakt med Mattilsynet