Kreative unge på innovasjonscamp

Leah, Emilie S, Ane Sofie og Silje i arbeid med å løyse si oppgåve under innovasjonscamp. Emilie O var ikkje til stades då bildet vart teke.
Leah, Emilie S, Ane Sofie og Silje i arbeid med å løyse si oppgåve under innovasjonscamp. Emilie O var ikkje til stades då bildet vart teke. (Foto: Arnold Hoddevik)

Stor kreativitet og gode idear kom fram under innovasjonscamp på Landbruksavdelinga første veka i mai 2019. Ei gruppe ungdomar frå Vågsetra skule og ei frå Bergmo skulle løyse ei krevjande oppgåve – planlegge drifta på eit mindre gardsbruk dei skulle overta i Hjørundfjordområdet.

Allsidig husdyrhald og naturbasert turisme

Begge gruppene hadde gode idear for ei allsidig drift basert på lokale ressursar og utnytting av naturgrunnlaget i Hjørundfjordområdet. Bruket var for lite til å leve av, men ein god base for allsidig husdyrhald, naturbasert reiselivsbedrift med aktivitetar innretta mot både sommar- og vinterturisme. Dei ville utnytte turistane sine interesser for deltaking i opplevingar og aktivitetar.

På slutten av opphaldet her presenterte begge gruppene sine framlegg til driftsopplegg for Landbruksavdelinga. Det var tydeleg at dagens unge er vel vane med å stå framfor ei forsamling. Dei leverte begge oversiktlege og svært gode presentasjonar, slik at forsamlinga fekk god forståing av korleis dei hadde arbeidd, kva dei ville drive med og korleis dei skulle få det til. Med seg på vegen vidare fekk dei mykje skryt og nokre gode råd om forbetringar.

Finalar

Neste steg var presentasjon på sine skular, og konkurranse med andre ungdomar om å komme eit steg vidare i konkurransen. Torsdag 4. april var det skolefinalar, og fredag kommunefinale. Kommunevinnarane går vidare til områdefinale på Scandic Seilet 26. april. I alt deltek 344 elevar frå undgomsskolane Bekkevoll, Bergmo, Molde Friskole, Sekken, Skjevik og Vågsetra.

Innovasjonscamp

Innovasjonscamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping. (Tidligere Gründercamp)

Elevane får et reelt oppdrag med ei definert problemstilling, som dei skal presentere ei løysing på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir gitt av ei bedrift eller organisasjon frå privat eller offentleg sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper på 3-6 elevar, og presenterer løysinga for ein jury som kårar ein vinnar ut frå gitte kriteria.