Gründerhjelparane i Hoppid.no på nettverkssamling

Bilete viser rådgivarar i gründertenesta hoppid.no og landbruksrådgivarar i kommunane.
Nettverkssamling for rådgivarar i gründertenesta hoppid.no og landbruksrådgivarar i kommunane Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

I Fylkesstrategi landbruk for Møre og Romsdal 2023 – 2026 er eit av resultatmåla å få fram fleire og betre forretningsidéar, med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknadar som mål. Her er gründerhjelpa Hoppid.no sentrale aktørar.

Publisert 19.06.2023

Rådgjevarar i Hoppid.no og landbruksrådgjevarar frå kommunane var nyleg samla til nettverkssamling i Ørsta. Dei om lag 30 deltakarane fekk høyre eksempel på vellukka bedriftsnettverk innan reiseliv og landbruk, frå Sverre Lang-Ree i Stange Vestbygd og Knut Roger Nesdal i Nordfjord Smak. Deretter drøfta rådgjevarane korleis vi kan styrke samarbeidsprosjekt i vår region og kva som finst i den offentlege verktøykassa.

Bedriftsbesøk hos møbelprodusent og hjortefarm

Fora Form er ein av Skandinavia sine største produsentar av møblar i offentlege miljø. Siden 50-talet har dei brukt design som eit strategisk verkemiddel, noko som har ført til at Fora Form er det mestvinnande designselskapet i Norge, uavhengig av bransje. Med konseptet Fora ReForm har dei sett reparasjon og gjenbruk av originalmøblar i system. Møblane dine vert henta, reparert og fornya hos ein av Fora Form sine sertifiserte Fora ReForm samarbeidspartnarar.

Hovdenakk Hjort AS er ei familiebedrift, driven av Jan Eldar Hovdenakk og sønene Per Andreas og Hans Nicolai. Dei driv i tillegg mjølkeproduksjon i Vassenden samdrift. Hovdenakk Hjort er den einaste hjortegarden i Møre og Romsdal som driv avl og oppdrett av norsk hjort. Dei har no ca 40 mordyr, som går på 200 dekar med 4,5 km hjortegjerde rundt. Eit EFTA godkjent anlegg for slakting, nedskjering og vidarefordeling av hjortekjøt er etablert i ein ombygd driftsbygning. Dei har også viltmottak for lokale jegerar.

Bilete viser personar og hjort. Hans Nicolai Hovdenakk fortel Kristin Myrene og Mari Dorte Michaelsen om drifta i Hovdenakk Hjort.
Hans Nicolai Hovdenakk fortel Kristin Myrene og Mari Dorte Michaelsen om drifta i Hovdenakk Hjort Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Korleis forsterke merkevara Hoppid.no og gründerfylket Møre og Romsdal

Per-Kristian Bratteng i Møre og Romsdal fylkeskommune ga deltakarane eit lynkurs i kommunikasjon. Han kom også med stalltips til korleis Hoppid.no kan bruke media til å nå ut med bodskap, forsterke merkevara Hoppid.no og dermed gründerfylket Møre og Romsdal.

Ansvarlege for samlinga var den regionale partnarskapen for Hoppid.no: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Faktaboks om Hoppid.no

Hoppid.no er ei felles gründersatsing i Møre og Romsdal, drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Innovasjon Norge og Statsforvaltaren.  Gjennom Hoppid.no finnast det i alle kommunar ei felles dør inn for dei som ynskjer å starte bedrift eller utvikle eksisterande verksemd, uansett kva næring dei høyrer til.

Hoppid-kontakten er i nokre kommunar ein kommunalt tilsett næringssjef. I andre kommunar vert denne tenesta kjøpt hos næringsutviklingsmiljø gjennom avtale med kommunen.

Statsforvaltaren si rolle er å vere aktiv for å bygge kompetanse i landbruksforvaltninga og informere Hoppid.no-rådgjevarane om landbruk og bygdenæringar. Vi skal også delta og bidra ved regionale møteplassar og arrangement for gründerar, og drive informasjonsarbeid om Hoppid.no. Dette for å koble fagkompetanse, kunnskap og relevante innovasjonsmiljø innan landbruk og mat.

Meir informasjon om Hoppid.no finnast her.