Fagdag om bioenergi og gardsvarmeanlegg

Med fullt hus og kvar ein stol fylt opp, var det godt oppmøte med om lag 50 personar på fagdag om bioenergi og gardsvarmeanlegg. Møtet vart lagt til Vestnes Småbåtforening sine lokalar tysdag 26. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.03.2019

Håvard Midtskogen frå Skogselskapet i Oslo og Akershus var hovudinnleiar. Han tok dei frammøtte gjennom alle typar anlegg, med råstoff frå halm og ved til flis. Med aukande straumprisar og eit stor fokus på kva ein kvar av oss kan gjere for klimaet, er det aukande interesse for slike anlegg. I salen satt 3-4 personar med erfaring frå eige anlegg, samt fleire med konkrete planar om å byggje gardsvarmeanlegg.

Gardbrukar Lars Helge Eidhammer delte sine erfaringar. Han har hatt fleire ulike biobrenselanlegg, først for ved og i 2008 over på flis. Han tok forsamlinga gjennom eigne erfaringar med både vurderingar kring val av anlegg, virke til eige anlegg og ikkje minst flising av virke. To flisentreprenørar i salen hadde gode kommentarar og innlegg til foredraga.

Tre leverandørar av flisfyringsanlegg var og til stades med demoanlegg så dei frammøtte kunne både sjå og spørje konkret. Eit godt frammøte frå Gjermundnes Landbruksskule vitjar og om at klima, og bruk av lokale miljøvenlege ressursar, fengjer dei unge. Alle innleiarar og kommentarar i salen konkluderte med at er du interessert i slikt anlegg, sjå på ulike anlegg og prat med dei som har gjort eit val innan du bestemmer deg for type anlegg, logistikk og råstoff.

I Møre og Romsdal er det få biovarme-initiativ samanlikna med andre norske fylker. Føremålet med dette prosjektet er å støtte dei som vurderer å etablere eit gardsvarmeanlegg, for å kunne ha eit godt kunnskapsgrunnlag før ein investerer. Programmet satt lys på kor, og med kva ein kan få hjelp til i høve vurderingar og planlegging av anlegg, og kva tilskotsordningar som gjeld.

Dagen vart starta og avslutta av innleiarar frå prosjektet «Auka bruk av gardsvarme», Christina Qvam Heggertveit frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Ingvar Kvande frå NOSØK, som saman med Allskog lokalt sto som arrangørar av fagdagen.

«Auka bruk av gardsvarme» er eit samarbeid mellom NORSØK og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Prosjektet får økonomisk støtte frå Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg, og Møre og Romsdal Bondelag gir fagleg støtte i prosjektets styringsgruppe.