Utviklinga av kommuneøkonomien i Møre og Romsdal i 2018

Rapport om hovudtrekka i kommuneøkonomien i Møre og Romsdal i 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien i Møre og Romsdal. Rapporten inneheld eit utval indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2019

Tala i rapporten er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og i hovudsak databasen Kostra. Kostra står for Kommune-Stat-Rapportering. Kvart år rapporterer kommunane rekneskapstala sine til SSB. Rundt den 15. mars blir ureviderte tal publisert og rundt den 15. juni blir dei reviderte tala publisert og det er dei siste reviderte regnskapstala som rapporten byggjer på.


Rapporten kan vere aktuell lesing for folkevalde, tilsette i administrasjonen i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå, innbyggjarar i Møre og Romsdal og andre som har interesse for kommunane sin økonomi.