Utviklinga i kommuneøkonomien

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin årlege rapport om utviklinga i kommuneøkonomien viser at kommunane i fylket samla fekk eit solid netto driftsresultat i 2015.

Kommunane i Møre og Romsdal viser betring på to hovudindikatorar for utviklinga i kommuneøkonomien.

Kommunane i Møre og Romsdal samla fekk eit netto driftsresultat på 2,2 prosent av brutto driftsinntekter. Det er omlag eit halvt prosentpoeng høgare enn fagleg tilråding på 1,75 prosent. Kommunane i landet utanom Oslo fekk samla eit netto driftsresultat på 2,4 prosent.

Veksten i netto lånegjeld har avtatt i 2015, og er på 97 prosent av brutto driftsinntekter for kommunane i Møre og Romsdal samla. Det er på same nivå som i 2014. Netto lånegjeld for kommunane i Møre og Romsdal samla er 15 prosentpoeng høgare enn for landet utanom Oslo samla. I 2014 var differansen på 17 prosentpoeng.

Meir om dette og andre aktuelle kommunaløkonomiske utviklingstrekk er i rapporten "Utviklinga i kommuneøkonomien 2015".