Fylkesvis skjønnsramme 2017 - siste fordeling

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har for 2017 fått 90,4 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret.

Vi fordelte 30,004 millionar kroner til statsbudsjettet 2017, og har seinare fordelt 4,904 millionar kroner til prosjektskjønn og 7,3 millionar til arbeidet med innovasjon og utvikling i nye kommunar. Her følger fordelinga av dei resterande 48,192 millionar kroner.

Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt, med følgande forklaring:

Spesielle saker

Her har vi kompensert både enkeltsaker og meir generelle utfordringar. Av spesielle enkeltsaker har vi kompensert: 

-          1502 Molde; 500 000 kr for sin regionsenterfunksjon og 300 000 kr som skal vidareførast til KS sitt arbeid med nye kommunar.

-          1504 Ålesund; har fått 500 000 kr for sin regionsenterfunksjon.

-          1505 Kristiansund; har fått 500 000 kr for sin regionsenterfunksjon.

-          1516 Ulstein; 50 000 kr for regionkontakt for skole og barnehage.

-          1519 Volda; 150 000 kr ressurskrevjande bruker.

-          1525 Stranda; 500 000 kr for kompleks reguleringsplan Geiranger og 300 000 kr   brannberedskap sommar. 

-          1531 Sula; 50 000 kr for regionkontakt for skole og barnehage.

-          1539 Rauma; 50 000 kr for regionkontakt for skole og barnehage.

-          1566 Surnadal; 50 000 kr for regionkontakt for skole og barnehage.

-          1567 Rindal; 250 000 kr i kompensasjon knytt til reinsing av elva Surna.

-          1576 Aure; 500 000 kr for ressurskrevjande bruker.

 

Generell vurdering

Her har vi fordelt en gitt sum i forhold til antal innbyggarar.

 

Forpliktande plan

Vi held tilbake skjønn til kommunane i Robek som er knytt opp til forpliktande plan. Utbetaling av tilbakehaldne midlar krev at kommunen (1) utarbeider og gjennomfører forpliktande plan, (2) held balansen i budsjettet og (3) dekker inn underskot etter planen. Vi har vurdert og konkludert at det er fire kommunar som har oppfylt krava og får utbetalt tilbakehaldt skjønn. Dei fire kommunane er Ålesund, Sande, Stranda og Giske.

 

Ressurskrevjande tenestemottakarar

Utfordringane knytt til ressurskrevjande tenestemottakarar kan variere mykje mellom kommunar. Vi har gitt ein kompensasjon til de kommunane som har høye utgifter til ressurskrevjande tenestemottakarar etter det øyremerka tilskotet gjennom toppfinansieringsordninga. Vi har også tatt høgde for ressurskrevjande tenestemottakarar over innslagspunktet i toppfinansieringsordninga, men som på grunn av alder (over 67 år) eller andre årsaker fell utanfor toppfinansieringsordninga og andre kompensasjonsordningar.

 

Kommunereforma

I tillegg har Fylkesmannen i Møre og Romsdal lagt ut 550 000 i arbeidet med nye kommunar. Her inngår møter, felles kommunestyremøte og arbeid med grensejusteringar. Dette skal utbetalast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Midlane vert utbetalt i termin 10 i november.

Kontaktpersoner