Kva meiner innbyggarane?

Kva for ein kommune bør Ona og Sandøya tilhøyre? Ålesund eller Aukra? Alle som bur på øyene får seie si meining i ei innbyggarundersøking i veke 23 og 24. Les meir om undersøkinga her!

Publisert 07.05.2024
Du som bur på øyene vil få ein telefon frå 
Opinion i veke 23 eller 24.
 
Nummeret dei vil ringe frå er: 488 41 237
Dei vil ringe mellom 16.30 og 21.30 på kvardager 
og mellom 13.00 og 18.00 i helger. 
 
Vi vil høyre med alle innbyggarar, og få vite kva de meiner om saka.
Det blir også mogleg å seie at du ikkje har ein meining om dette.
Takk for at du vil gi ditt svar!