Oppstart frivillig skogvern Mardalen

Høringsfrist:
15. mai 2024 23.59
Alm i Mardalen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren startar opp arbeid med frivillig vern av skog i Mardalen, Molde kommune.

Publisert 23.04.2024

Området i Mardalen har eit areal på ca. 304 daa , og det vil binde saman dei 2 delane av eksisterande Mardalen naturreservat til eitt samla, robust naturreservat. Området består av boreal lauvskog og edellauvskog av høg kvalitet, tilsvarande skogen i eksisterande naturreservat. 

Det er ønskjeleg å få fram mest mogeleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.

Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Oppstartsmelding og kart med eksisterande naturreservat og tilbodsområdet ligg ved.

Etter innspelsfasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag 2 månader. Eventuelle spørsmål om verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, evt. på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no.

Fristen for å kome med merknader/innspel til oppstartsmeldinga er 15.05.2024.